Utvandra frå Ulvestadbygda
(Telset, Stigen, Torvika, Ulvestad, Haugen, Espenakken, Lauvstad, Nakken,
Løndalen, Sætre, Sætreåsen, Kvanngardsneset).
Olagarden, Telset
Ole Elias Laurits Jakobss. Telset (15.8.1883-30.12.1958).Ole var i Amerika ei tid (BSVD s.84 og 95). Busett på Telset.
19. jan. 1924 reiste Ole Elias Lauritz Jakobsen Tilset, gift gardbrukar
med reisemål Canada. Billett: Nei. Medreisande Nils Martinus Larsen Sæthre,
Jakob Torvald Lauritsen Drabløs, Rasmus Pettersen Løvig.(EÅ DigArk).
26. jan var Ole Tilset passasjer om bord i SS Doric på veg til Canada. Intensjonen
var å skaffe seg arbeid. (Declaration of passanger to Canada (Ancestry)).
Ole Telsat, 43 år, kryssa grensa frå Canada til USA 18. des. 1925 ved
Niagara Falls.
Det står i BSVD s. 84 at Ole reiste til brørne Klaus og Einar, men det
var vel heller dei som reiste til han (sjå nedanfor).
Klaus Johannes (25.10.1896- d. etter 1982), reiste til Amerika, busett Prince Rupert, BC, Canada (BSVD s.95)
22. mai 1925, reiste Klaus Johannes Jakobsen Tilset, ugift, trearbeider
med reisemål Canada. Billett: Prepaid (EÅ DigArk)
Klaus J J Telseth, gardsarbeidar, står på lista over passasjerar med SS
Stavangerfjord som drog frå Oslo 23. mai 1925. Framme i Halifax, Nova Scotia
31. mai 1925. Han har ikkje vore i Canada tidlegare. Han skulle då besøke broren
Ole Telseth som var i Alice Arm B.C..
B.C.DeathIndex:
Klaus Johannes J. Telseth d. 12.5.1982 I Prince Rupert.
Einar Kornelius (12.8.1900- d. etter 1982), busett Prince Rupert, BC, Canada (BSVD s. 95)
11. mai 1929 reiste
Einar Kornelius Jakobsen Tilset, f.1900, ugift, sjømann med reisemål Canada. Billett: Penge
(EÅ DigArk)
Einar K.J. Telseth, gardsarbeidar, står på lista over passasjerar med
SS Stavangerfjord som drog frå Bergen 17. mai 1929. Framme i Halifax 25 mai
1929. Han skal besøke broren Klaus i Anyox (?) B.C.
B.C.DeathIndex: Einar Telseth f. 1900 d. 23.12.1980 New Westminister
Stigen
Ole Stigen g. Vinjevold (1847-ca.1932). Han var son til Anders Jonss. Frå Jogarden, Nes og Mette Larsd. Frå Vindåsen, Langvatn. Familien var tidlegare busett på Haugen, Hjartåsen. Kom til Stigen i 1852. Då var Ole fem år.(BSVD s. 117)
Ole vart gift 1874 med Oline Marta Vinjevold (1840-1919). Ho var enkje
på Vinjevollen i Ørsta. Dei dreiv Olagarden på Vinjevollen til 1882. Oline
hadde 2 born frå fyrste ekteskap: Peder og Oluffa. Ole tok etternamnet Vinjevold. Han var bror til Martinus
Stigen (sjå nedanfor)Ole og Oline Vinjevold fekk borna: Anna(Annie), Olaf, (Marte)
Josefine, Andreas (Andrew), Alfred (sannsynlegvis fødd i Sør-Afrika, tok
etternamnet Anderson)
Familien drog til Marburg, Port Shepstone, Kwa-Zulu Natal, Sør-Afrika i
1882 (S-A s. 116).
Martinus Stigen (1850-ca.1883). I ministerialbok for Volda, under utflytte 1882 til Natal, står han oppført som Martinus Anderson Hjorthaugaas. Martinus var bror til Ole sjå ovanfor. Martinus kom også til Marburg, Sør-Afrika 1882, men døde etter eit års opphald. Han er gravlagd på kyrkjegarden ved Norwegian Settlers Church.
Torsheim, Torvika
Sigurd Bernhard Hanss. Velsvik (28.1.1907-13.6.1979), busett Torsheim, Torvika (BSVD s110 og 116).
Drog til Shetland under 2. verdskrig 29.mai 1940. Vidare til Durban
Sør-Afrika. Kom seinare inn i US Army Forces Western Pacific. Her var han
skipssjef på fleire fartøy (MfD 2007 s. 87-89).
Ola Ingvald H. Velsvik (18.3.1917-….) busett Prestebrauta 1, Øyra, Volda (BSVD s. 110).
Saman med broren Sigurd (sjå ovanfor) rømde han til Shetland. Drog til
Durban med S/S ”Sambur” 10.4.1941. Vidare frå Cape Town 13.8.1941, til New York
19.5.1942 som messegut om bord i SS
”Nidareid”. Han fekk seg arbeid på ein verkstad i Brooklyn som vart drive av
norskamerikanaren Golten. Heim til Norge 1947. Ola Velsvik bygde seg hus med
verkstad i Volda sentrum (MfD s.79-82 og NYPL 1820-1957 Ancestry.com).
Sivertgarden, Torvika
(Hans) Martinus (15.3.1843-?) gift med Jørgine Severine Andersd. (14.4.1843-?) frå Pergarden, Sætre. Dei var ei tid busett på Takset i Syvde. Reiste til Amerika, busett Stoughton WI. Martinus var underoffiser (BSVD s. 113).
Folketeljinga for Bergen 1865: Hans Martinus A. Thorvig 23 år, ugift,
frå Voldens Prestegjæld. Han var elev ved underofficierskolen (DigArk).
Hans
Martinus og Jørgine Severine gifte seg i Bergen 19.juli, 1867.
Folketeljinga for Bergen 1875:
Hans Martinus Thorvig var Garnisonerende Sergeant. Han budde saman med
kona Jørgine Severine f. Sætre og dottera Anna Lovise f. 1868 i Bergen
(DigArk).
20.4.1880 drog Hans MA Thorvik, 37 år og kona Georgine Andersd. Thorvik
37 år og dottera Anna Thorvik, 11 år, fødd i Bergen. Dei er oppførte med bustad
Bergen og reiste med Stjerne Linie (Emigranter frå Bergen 1874-1930 DigArk)
Thorwick H.M.A. (sargeant) frå Volden, Søndmøre; udv. til Amerika
sidste Gang omkr. 1886; Vognsnedker, Stoughton Wis.; Ogsaa bidragsyter til
norsk-amerikanske Blade (MUNiA).
7.5.1886 reiste H.M.A Thorvig (42 ¾ år, Georgine Thorvig (kona, 42 ¾
år) og Anne Louise Thorvig (barn, 17 år) med Dominion Line ( Dig Ark:
Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal). Her står dei oppførte med fødestad
Sunelven, men det er sannsynlegvis feil). Medreisande var også Peder Andreas
Ulvestad som tok etternamnet Thorvig (H.M.A. Thorvig sin brorson, sjå under
Krikane).
USNatRecInd:Hans. M. A. Thorwick fekk statsborgarskap i USA 15. okt.
1896. Mun. Ct. Madison, Dane
(Co., Wis.) Vitner: A.T. Torgeson, P.O Fosdahl.
Under folketeljinga 1910 budde han og kona i Stoughton Ward 4, Dane,
Wisconsin.(Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for Wisconsin 1905 budde Hans M. Thorwick (62
år)og kona Georgine Thorwick (62 år) i Stoughton, Dane, Wisconsin.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Hans M. Thorwick (67 år) og
kona Georgine (67 år) i N. Monroe Street, Stoughton, Dane, WI. Dei hadde 1 barn
som framleis skulle vere i live. Dei immigrerte i 1880. Hans har eiga inntekt.
Dei har vore gifte i 40 år.
H.M. Thorwick døde sannsynlegvis i 1918. Eit brev frå Anders Ulvestad
frå Krikane tyder på dette.
Under folketeljinga i USA i 1920 har Georgine vorte enke. Ho budde då
saman med dottera Anna L. Thorwick. (A.c.) Sjå også under Pergarden, Sætre.
Anders Martinus Thorwick (10.10.1875-kring 1958) gift med Ragnhild Margrete Johnsen frå Ørsta (1869-1931). Til Amerika 1913. Busett Seattle WA. Anders var fiskeskipper. (BSVD s.113)
12. mars 1910 reiste Anders Martinus S. Torvik, gift, skipper, heimstad
Ørsten, til Wash. USA, med Hvide linje. Merknad: Fripas. Billett: Nei. Ei
rekkje andre dalsfjordingar og voldingar er registrerte med same reisedato.
M.a: Sivert R. Reite, Samund Lyngnæs, Ingvald O. Drabløs, Hans E. Lyngnæs, Knut
Sigvald Drabløs Lillebø(EÅ 1878-1930 DigArk).
I fylgje folketeljing for USA 1920 budde Andrew M. Thorwick 44 år, utv.
1910 og kona Ragnhild 49 år, utv .1914, og dottera Astrid 12 år, utv. 1914, i
Bruce St, Seattle, WA. Andrew var kaptein på kvalbåt. Både Andrew og Ragnhild
fekk statsborgarskap i USA i 1916. I nabolaget (Dawson St.) budde også Enoch
Ulvestad med familie (Ancestry.com).
USA Declaration of
Intention, A.c., underteikna 8. Mai 1911: Anders
Martinus Torvik, 35 år, 5 fot og 2 tomar høg, brunt hår og brune auge, f. i
Wolden 10. oktober 1875. No busett 5014 W. Dawson, Seattle, Wash. Han emigrerte
til USA frå Stavanger med ”Wiga”. Siste adresse i Norge var Ørstenvik. Han kom
til New York om lag 27. mars 1910.
USA Declaration of
Intention, A.c, underteikna 13. Januar 1916: Anders Martinus Torvik, 4935 Bruce
Street, Seattle, Wash., fiskar. Han emigrerte frå Liverpool 19. Mars 1910, til New
York 28. Mars 1910 med “Laurentic”. Kona Ragnhild Torvik frå Ørstenvik bur no
hos han. Dei har dottera Astrid f. 14. mars 1908 i Ørsta. Han har vore i USA
sidan han kom hit i 1910. Han vil skifte namn til Andrew Martinus Thorvick.
Vitner E. B. Larsen og Sam P Oien.
Andrew Torwick døde
11 okt 1972 i Seattle (Wash. Death Index, Ancestry.com). Kan dette vere vår
mann?
Krikane, Ulvestad
Anders Britanus Pedersen Ulvestad (10.7.1864-?) reiste til Amerika, busett Milwaukee WI, skipsførar (BVD s. 121), (Martin Ulvestad, Sammenstilling…). Anders var halvsøsken til dei fem brørne nedanfor.
Pedersen
Andrew B. Udv. frå Ulvestad, Volden, Søndmøre, omkr. 1880; skipsfører med hjem
i Milwaukee, Wis. (MUNiA).
USNATIND:
Andres B. Pedersen, f. 1864, frå Norge, adresse Milwaukee, naturalization 3.3.1891.
Han kom til Philadelphia april 1885. Vitne Charl Jund og H. H. Hovland.
Folketeljinga
1900: Andrew Peterson, f. juli 1864, sjømann, gift med Rika 27 år, f. nov.
1872. Dei har vore gifte i 10 år. Sonen Edward f. nov. 1895. Dei har fått 3
born, 1 i live. Andrew kom til USA 1889, 10 år i USA. Dei leige husværet her i
National Avenue, Milwaukee, Wisconsin.
Notat av Lars Ulvestad: Rikka Skare [var gift med Anders]
Folketeljing 1910: Andrew B. Peterson, 45 år, Lake Captain, Ship. Gift
i 20 år med Ricka E. 37 år frå Norge 1889. Andrew til USA 1895. Dei har ein son
Edward R., 14 år. Dei bur i Fourth Avenue, Milwukee, Wisconsin.
Folketeljing 1920: Andrew B. Peterson, 56 år, enkemann, sjømann på
kolbåt (Sailor Coal Boat), kom til USA 1884, statsborgar 1891. Sonen Edward R.
Peterson 24 år og kona Louise bur også her i Fourth Avenue, Milwaukee (byen),
Wisconsin. Edward er taxisjåfør, eige firma (OA). Andrew eig husværet her.
Folketeljing 1930: Ein Andrew Peterson 65 år, enkemann, ”roomer”,
”carpenter contractor” bur i Milwaukee, Wisconsin.
Brev frå A.B. Petersen til Lars E. Ulvestad 1918: Original hos Oddvar
Ulvestad, kopi hos meg.
Peder Andreas Ulvestad (4.6.1866-?) gift med Kristianne Skare og busett i Ålesund (BSVD s. 121).
7.5.1886 reiste Peder Aa Thorvig (Ulvestad), f. 1867, alder: 19 3
[stemmer ikkje heilt]
, ugift, gardbrukar, frå Volda med Dominion Line (DigArk
EB M&R).
SK DigArk VoldaM: Våren 1885 reiste Ungkl, tjener Peder Andreas
Andersen Ulvestad til Amerika.
Han tok namnet Peter A. Thorwick og var byrådsmedlem i Milwaukee, WI. (MU
Sammenstilling av norske Sambygdinger i Amerika).
I fylgje folketeljinga 1910 budde Peter A. Thorwick 44 år, utv. 1886,
kona Christina 41 år, utv. 1888, dottera Pearl 11 år og sonen William 19 år i
Fourth Avenue, Milwaukee City, WI. Peter var maskinist. (Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 1920 budde dei i 67. Ave., West Allis City, Milwaukee, WI. Peter og
Christina fekk statsborgarskap i 1892. William hadde same yrke som faren. Pearl
var stenograf.(Ancestry.com)
I folketeljinga 1930 budde dei også i 67. Ave. Men då var ikkje Pearl
registrert her. Både far og son var tilsett i ein maskin butikk (Ancestry.com).
Arne Elias Ulvestad (11.1.1870 -28.12.1896) reiste til Amerika (s. 121 BSVD).
22.3.1888 reiste Arne Elias Andersen Ulvestad, f. 1870, 18 år, ugift,
gaardmannsøn (Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal, DigArk).
Notat Lars Ulvestad: Kom heimatt frå Amerika og døde av tuberkulose
Paul Matias Ulvestad (18.3.1872-14.3.1893) reiste til Amerika (s. 121 BSVD).
26. mars 1891 reiste Paul Andersen Ulvestad, ugift, fisker, med
Dominion Linie til Wisconsin. Billett: prepaid . Han reiste saman med broren
Enok (EÅ 1878-1930 DigArk).
Notat Lars Ulvestad: Kom heimatt frå Amerika og døde av tuberkulose.
Enok Olai Ulvestad (19.2.1874-?) reiste til Amerika, gift med Hanna Zee, busett Seattle WA, mekanikar og sjømann (BSVD s.121)
26. mars 1891 reiste Enok
Andersen Ulvestad, 17 år, ugift, fiskar, med Dominion Line til Wisconsin.
Billett: prepaid. Han reiste saman med broren Paul (EÅ 1878-1930).
Enok A. Ulvestad var elektrikar i Seattle. Han var også embetsmann i
”Leif Erikson”, Sønner av Norge (MUNiA).
I fylgje 1900-telling for Kristiania budde Enok, kona Hanna (frå Bergen
f. 1872) og dottera Astrid f. 1898 i Grændsegate 5, 7, Kristiania. Han var då ”vaktmester
ved forretningsgård”. (DigArk).
I fylgje emigrantar over Bergen frå Austlandet reiste Astrid Enoksen
Ulvestad 4 år, f. Christiania, heimstad Bergen, 7.8.1902 med Dominion Line pp
(prepaid). Avgift: Ja (DigArk).
USCityDirMinn 1903:Enoch A. Ulvestad elec r2507, Riverside av. Martin
Ulvestad, journalist bur har adr 2601
s 6th. Ei Amelia Ulvestad er også
busett i Minneapolis.
I fylgje folketeljing for USA 1910 budde Enoch Ulvestad, utv. 1891, 35
år, elektrikar og kona Josephine 35 år med dottera Evelyn 5 ½ år i Dawson St., Seattle
Ward 14, King, Washington (Ancestry.com).
I fylgje folketeljing 1920 budde Enoch Ulvestad, utv. 1900, elektrikar
på skipsverft, og kona Josephine utv. 1887 saman med borna Evelyn E. 10 år,
Randall E. 8 år, Astrid E. 6 år, Thorleif P. 4 ½ år i West Dawson St.(?). I Nabolaget (Bruce St.) budde
også Andrew M. Thorwick med famillie. Sjå under Sivertgarden,
Torvika (Ancestry.com)
I fylgje USA folketeljing 1930, budde Enoch Ulvestad, elektrikar, 56
år, kona Josephine 55 år og borna Evelyn 20 år, Astrid 16 år, Randal 18 år
ogThorleif 15 år, i Seattle. Enok var 25 år fyrste gong han gifte seg,
Josephine 34 år. Ergo kan dei ha gifta seg i 1909 (Ancestry.Com)
Enoch A Ulvestad
74 år døde i Seattle 27. mai 1948. (Wash. Death Index Ancestry.com)
Thorleif P. Ulvestad,
f. 22.3.1915, d. 13.nov 2008, i Seattle WA. (Social Security Death Index,
Ancestry.com). Han var sannsynlegvis jurist I Hutchinson & Ulvestad.
Randall E.
Ulvestad f. 27. Juni 1911 d. 30. sep 2001 i Seattle (Social Security Death
Index, Ancewstry.com).
Intervju med
Oddvar Ulvestad: Enok var trikkeførar i Bergen. Han vann ein pris for ei
oppfinning han hadde gjort for eit telefonkompani I Amerika. O.U. meiner å ha
sett dette i Sunnmørsposten. O.U. har høyrt at Enok var ein “blåsar”. Han kunne
til dømes ta seg for bringa og spele at han fekk eit anfall. Når folk kom
springand til så tok han til å le.
Ole Johannes A. Ulvestad (14.9.1879-?) reiste til Amerika, busett Seattle WA, mekanikar og sjømann (BSVD s. 121).
Ole A. Ulvestad utvandra som sjømann om lag 1895, mekanikar i Seattle
(MUNiA).
Under folketeljinga i Kristiania 1900 budde Ole Ulvestad f. 1879 i
Grændsegate 5, 7.
Ole Johanes Ulvestad f. 14.9.1879, kom til USA 20. mai 1901. Han fekk
statborgarskap 10. mai 1909. Adresse. 349 National Ave., Milwaukee, Wisconsin. Peter Thorwick (broren) var
vitne. (U.S Naturalization Record Index, Ancestry.com).
Fleire brev på
Krikane skrive og sendt frå Amerika av Ole Ulvestad. Desse er i Oddvar Ulvestad
sitt eige. Ole kalla seg John Thorwick.
Arthur Ulvestad (16.12.1897-15.11.1929), reiste til Amerika (BSVD s. 121).
25. mars 1925
reiste Arthur Nicolaj Ulvestad ugift, kontorchef kontormand, med Cunard Line.
Reisemål: Milwaukee, Wisc.. Årsak: At søke beskj.. [eftigelse?]Billett: Ja. Pass: Reisepass
Ålesund pkm. Fri for Vpl. (Emigrantar frå Bergen 1874-1930 DigArk).
Arthur Ulvestad 27 år, kontormann drog frå Southampton 25. mars 1925 med
SS ”Aquitania”. Framme i New York 3. april 1925 (New York Pass. List,
Ancestry.com).
Lars Ulvestad si notatbok; Jo-ætti og Sammelætti: Arthur var ei tid på
fylkeskontoret i Molde. Ei tid styrde han Mørekontoret i Ålesund til
livstrygdelaget Andvake. I 1927 for han til Amerika og sist på kontoret hjå
Ellis-Chalmers maskinfabrikk i Milwaukee. I 1929 døde han av tuberkulose.
Sammelgarden, Ulvestad
Ole Johannes Martinus (Martin) Ulvestad (24.12.1865-19.1.1942), reiste til Amerika, busett Ulvestad OR og Minneapolis MN (BSVD s. 125 og s. 84).
Han fekk statsborgarskap i USA 8. mars 1895 (Ancestry.com)
Han utvandra 1888 og tok namnet Martin Ulvestad. I USA skreiv han
fleire bøker (MUNiA). Martin Ulvestad døde i Seattle. Han var bror til Peder
Ulvestad, som også utvandra.
Minnesota Marriage Index: Martin Ulvestad vart gift med Gertrude
Robertson 24.3.1894 i Minneapolis, Hennepin, Minnesota.
ETrh. DigArk: 05.07.1895 reiste Martin Ulvestad 29 år, gift,
bokhandlar, bustad Minneapolis i Amerika med Scandia via Xansand. Billett
betalt i Amerika. Kona Gjertrude Ulvestad 34 år, bokhandlar var medreisande
Minneapolis City
Directory 1895-96: Martin Ulvestad, printer, r 2507 Riverside av. Peter Ulvestad
carp Milwaukee Ry, b 2507 Riverside. På same sida I denne katalogen er det
nemnt eit månadsblad som heiter Ungdommens Ven, Haugen pres. KC Holter treas
and sec 410 Cedar av.
Folketeljing Minnesota 1895: Martin Ulvestad 27 [?]år, printer. Han har
vore 7 år i denne staten. Her bur også Betsy Ulvestad 27 år og Peter Ulvestad
20 år og Charles Setter 20 år alle frå Norge. Dei to siste med yrke som ”car
repairer”. Dei bur i Riverside, Minneapolis, Hennepin Minnesota.
Boston Pass. And Crew list: Martin Ulvestad, 36 år, gift, reporter,
amerikansk statsborgar, reiste med SS “New England” frå Liverpool 14.8.1902,
framme i Boston aug 1902. Siste bustad: Bergen.
Martin Ulvestad er registrert i Minneapolis City Dir: 1899 under
publishers i 2501Riverrside Ave. 1900 pub 2601 6th r same, då bur ogspå Sivert
Ulvestad her i lab rms 437 14th av s. .
1903: Martin
Ulvestad journalist i 2601 s 6th
1908: Martin
Ulvestad pub r 2601 S 6th. I mInneapolis bur også 2 andre med Ulvestad
etternamn: Lars rms 425 Cedar ave og Peter weigher The Albert Dickinson
Company.
1913 Tacoma:
Ulvestad Martin (Hannah) h 2124 S Ainsworth Av.
Sivert P Ulvestad (Carrie S ) inspr N P Ry h 3564 E Spokane.
Folketeljing USA 1910: Martin Ulvestad 44 år, gift 2 med Hanna Ulvestad
29 år. Dei har vore gifte i 9 år. Han kom til USA 1888. Ho i 1881. Dei har
borna Solveig 6 år f. i Minnesota, Prudence 4 år f. i Oregon, Elsa 1 år f.
Minnesota, Arnold 13 år f. Minnesota. Martin har yrke: Literary Publishing. Dei
bur i Sixth Street, 6th Precinct, Minneapolis, Hennepin, Minnesota. Det er
fleire norskar, svenskar og danskar i området.
US passport application 1919: Martin Ulvestad svergar at han var fødd i
Aalesund 24. desember 1865, at faren var Peder Olsen Ulvestad, fødd i Norge og
no død. Martin Ulvestad emigrerte til
USA sommaren 1888 og har budd 31 år uavbrote her til denne dato i Minneapolis,
Minnesota og Seattle Washington det meste av tida. Han fekk statsborgarskap i Hennepin county,
Minneapolis, Minnesota 8. mars 1895. Han bur no i Seattle og har yrke som
redaktør og utgjevar. Han vil no utanlands for å besøke sjuk syster. Han vil
vere borte i seks månader. Han vil dra frå New York, så snart passet er ordna.
Underteikna 2. juli 1919, Minneapolis Minnesota. Beskriving av passøkjar: 53
år, 5 fot, 6 tomar høg eng. Forehead: Broad Round, brune auge, kurva nase,
medium munn. Mørkt brunt hår, Complexion: Sallow [gulbleik, gusten], Face:
oval. Spesielle kjenneteikn: glasses [briller]. Vitne: E. A. McAfee,
Minneapolis, Minn. Har kjent Martin Ulvestad i over 15 år. Underteikna i
Minneapolis, Minnesota.
Eigne notat: Den sjuke systera som Martin Ulvestad skal besøke må vere
(Anne) Ingeborg Pedersd. Ho var gift 6.7.1881 med Ole Rasmuss. Frå Peragarden,
Ytre Åmelfoten. Dei fekk fekk fleire born der iallfall 3 reiste til Amerika. Ho
døde i 1937.
Folketeljing USA 1920: Martin Ulvestad 53 år, gift med Hannah 39 år. Dei er busett i 41. Ave. S.W. Seattle, Precinct 266, Seattle, Washington. Han har yrke som
forfattar, heime. Dei har borna Solveig. 16 år f. Minnesota, Prudence E. 13 år
f. Oregon, Elsa A. 10 år f. Minnesota, Helen 8 år f. Minnesota, Olaf E. 7 år f.
Washington, Beatrice M. 4, 3/12 år f. Washington Dei eig husværet her.
Folketeljing USA 1930: Martin Ulvestad 64 år gift med Hannah 50 år. Han
var 35 år og ho var 20 år når dei gifte seg. Dei har borna Prudence 22 år f.
Minn. (Nurse training), Helen 18 f. Minn telephone operator, Olaf 16 f. Wash.,
Beatrice 14 f. Wash. Martin har yrke som Norwegain geneology publisher. Dei eig
husværet til ein verdi av 2500 $. Dei bur i 41st Ave SW, Seattle Washington.
Folketeljing USA 1940: Martin Ulvestad, 74 år, skilt, busett i Husnr.
2113, 41 Ave S W i Seattle. Her bur også Hannah Ulvestad, 60 år. Ho er ”Dependant”. Dei budde her også i 1935.
Han eig husværet her som har ein verdi på 3000 $.
Washington Death Index: Martin Ulvestad d.19. jan 1942 i Seattle, 76 år gammal.
Det bør kome eit eige kapittel om Martin Ulvestad.
Peder Andreas [Pedersen] Ulvestad (18.9.1871-?) reiste til Amerika 1890, busett Minot ND, bygningskontraktør. Han var bror til Martin Ulvestad (ovf.) (BSVD).
Folketeljing for Minnesota kan tyde på at Martin og Peter Ulvestad
budde i Hennepin, Minneapolis i 1895. Martin var ”Printer”. Peter var ”Car
Repairer”. Her budde også ei som heitte Betsy Ulvestad.
Peder Pedersen Ulvestad utvandra få Volda omkring 1894. Han var
bygningskontraktør i Minot N. Dak. (MU NiA og SNSA).
EÅ DigArk: 25 mai 1892 reiste det ein Peder P Ulvestad, 19 år, ugift,
fiskar, frå Volda, med Cunard til New York. Det stemmer ikkje heilt med alder
på denne person. Men i fylgje folketeljinga i USA 1910 så reiste Peter Ulvestad
ut i 1892.
Minnesota Marriage Index: Peder Ulvestad gift med Bergethe Grinde
15.8.1908.
EB DIG ARK: 14 sep. 1910 reiste Peder Olsen Ulvestad (f.1871 i Volda),
gift farmar og snekker, med bustad Minot ND. Han har då vore heime på besøk og
skal tilbake. Billett: Nei. Reiser med Skand Amerikan. I reisefylgje: Forr
hustru og forr barn (Arthur Melvin Ulvestad). Her er mangelfulle opplysingar om
forr hustru. Under rubrikken stand [gifte] og etternamn står det: Nei. Under
fødestad står det husmor. Under farsnamn: Amk Minot No Dak. Yrke: Farmer og
snekker. Barnet Arthur Melvin Ulvestad var fødd i 1908 i Minot No Dak
(Emigranter frå Bergen DigArk). Det kan her setjast spørsmålsteikn ved kvifor
Peder brukar etternamnet Olsen når faren sit namn var Peder. Forklaringa kan
vere at faren heitte Peder Olss..
22. sep. 1910 reiste Peter Ulvestad, 39 år, arbeidar, kona Birgitte 26
årog sonen Arthur 2 år, frå Kjøbenhavn med SS Oscar II. Framme i New York 5.
oktober. Peter og Birgitte var då begge statsborgarar i USA. Arhur var fødd
der. Dei skulle til Minot N.D. Dei er også oppførte på lista over dei som
reiste frå Kristiania 23. sept 1910, men her er dei utstreka (New York pass.
List, Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 7. mai 1910 budde familien i Minot ND. Peter
Ulvestad 38 år, snikkar, hadde utvandra i 1892. Birgitte i 1904. Dei har vore
gifte i 2 år. Dei har sonen Artur 1 år og 9 mnd.
Arthur Melvin Ulvestad f. 25. juni 1908 d. 6. sep 2005. Siste
opphaldstad 59808 Missoula, Montana. Gravlagd Sunset Memorial Graveyard, Mullan
Road, Missoula. Han hadde tenestegjort i US Navy under andre verdskrig.
Hansgarden, Ulvestad
Elling Britanus Ulvestad (25.9.1876-?) reiste til Amerika 1900 (BSVD s. 127).
18 april 1900 reiste Elling Ulvestad 23 år, ugift, arbeider, med
Breaver linjen. Reisemål: Minnesota. Meknad: Udv. till. Billett: Her. (EÅ
1878-1920 DigArk).
I fylgje folketeljinga for USA 1900 budde Elling Ulvestad 23 år,
dagarbeidar, på pensjonat i Lee Township, Norman County, Minnesota. Her budde
også Sivert Feden og Lars Feden.
Elling B A Ulvestad døde 74 år 29. okt. 1951 i Garden Bay (B.C. Death
Index, Ancestry.com).
Ole Martinus Ulvestad (29.2.1884-?) reiste til Amerika 1904 (BSVD s. 128), (DBGÆ s. 276).
Ole Martinus Ulvestad f. 29.2.1884 budde i Sitka, Alaska 1918. Han var sjømann om bord i Schooner
Commonwealth, Booth Fisheries. Han hadde ingen nære slektningar der.(WW1 Draft
Reg. Card, Ancestry.com)
Ole Ulvestad, 80
år, døde 30. Jan 1965 i Prince Rupert, BC, Canada (BC Death Index, Ancestry.com)
Jonsgarden, Ulvestad
Hans Martinus [Anderss.]Ulvestad (2.3.1881-?) reiste til Amerika 1907 (BSVD s. 130), (DBGÆ s.278). Utreiseåret kan vere feil. Han kan vere forveksla med Hans Andreas (Andrew B.) Pedersen, sjå under Nylænde
19. mai 1903
reiste Hans A. Ulvestad 22 år, ugift frå Volden, arbeidar, med Allan linjen.
Reisemål: Dakota. Bill: Prepaid. (EÅ DigArk). Medreisande Elling A. Sæterås.
Også til Dakota.
Hans Ulvestad 21 år, farmer, reiste med “Bavarian” frå Liverpool til Montreal
Quebec 6. juni 1903. Han skulle til Ritchville ?, Dakota
Jogarden, Ulvestad
Knut Leiv Ulvestad (13.6.1919-24.6.1967), reiste til Amerika (BSVD s. 134).
Han søkte om stasborgarskap i
USA 23. sep. 1943. Dette var i Washington. Knut Ulvestad var tilsett om bord i ”Stavangerfjord” (Den Norske
Amerika Linje) som ”Reserveman” og
kelner (1945-1947). Han var også sjømann om bord i ”Lone Star State”, ”Fribourg
Trader” og ”Empire State” som gjekk på Stillehavet til Japan. Dette var på
1950-talet (Ancestry.com)
Persgarden, Ulvestad
Sivert Olai Ulvestad (24.2.1868-?), reiste til Amerika 1888, busett Tacoma WA, vogninspektør i jernbanen og snikkar.
Sivert Olai Pedersen Ulvestad står oppført under Emigrantar over Bergen
frå Møre og Romsdal (DigArk). Dato: 20.4.1888. Ugift, grdmdsøn. Medreisande frå
Volda: Rasmus Elias. Drabløslid, Hans Peter Rasmuss. Feden, Elias Olai Olsen
Heltne. Registrert same dato var også Ole Olsen Folkestad og Marthe Nilsd.
Folkestad med 3 born. 21. april reiste Hans Olav Iversen halkjelsvig f. 1869.
”Ulvestad
Sivert P, udv. frå Volden, Søndmøre, 1888, vogninspektør for N.P. Banen i
Tacoma, Wash., siden 1902; var en af Stifterne af ”Norden, S. af N.” (MUNiA).
Minnesota
Marriage Index: Sivert P. Ulvestad gift med Carrie Loftnes, 30.6.1900 i
Hennepin Minnesota.
Sivert
Pederson Ulvestad søkte om statsborgarskap 10. mars 1894 i Moorhead, Clay
County, Minnesota. I ny søknad 29. aug. 1913 går det dessutan fram at han drog frå
Liverpool 20. april 1888 og kom fram til New York 4. mai med skipet
”Etruria”. Ny adresse er 3564 Spokane Ave., Tacoma, Wash..
Han er då gift med Carrie Ulvestad, men dei har ikkje barn (1913). Yrket til
Sivert er vogninspektør. Vitner til søknaden var P. J. Haugen og Carl Hagglund,
Tacoma (Ancestry.com).
I fylgje folketeljinga i USA 1920 budde Sivert Ulvestad, 50 år, kona
Carrie 49 år og syskjenbarnet (cousin) Didrike? Bakke 59 år, i Spokane Ave,
Tacoma City, WA. Sivert eigde husværet. Han hadde fått statsborgarskap i 1914.
Carrie hadde utvandra 1883. Bakke i 1882. Sivert hadde yrke som snikkar på
skip.
I fylgje folketeljinga 1930 budde Sivert og kona framleis i Tacoma. Men
no var Sivert ”loader”- lossearbeidar for eit Lumber Comp – tømmerkompani.
Dei budde også i Tacoma 1936. Då var Sivert ”millwkr. SP&TLCo h3572
Spokane”. Sannsynlegvis arbeidde han på eit sagbruk. (Adressebok for Tacoma,
Ancestry.Com)
Carrie S. Ulvestad 88 å,r d. 10. april 1951 i Alabama
Elias Kornelius Ulvestad (31.10.1905-?) reiste til Amerika (BSVD s.137)
12. mai 1923 reiste Elias Kornelius Paulsen Ulvestad, ugift, fiskar med
reisemål Canada. Medreisande frå Volda: Ragnvald Sivertsen Kvangarsnes (EÅ
DigArk)
Elias Ulvestad emigrerte frå Southampton 1. juni 1923 med Eusonia til
Quebec thence by C.P.Ryg?. Han kom til USA gjennom Blaine, WA i juni 1923. 7.
April 1924 hadde han adresse 35.. (?) East Spokane Ave, Tacoma, Washington. Dette
går fram i søknad om statborgarskap. Han budde i same gate som onkelen, Sivert.
(Ancestry.com).
Elias Ulvestad f. 1905 vart innrullert i US Army 10. august 1940 i
Tacoma.
Nylænde, Ulvestad
Jakob Kristian (Jacob) Pedersen (21.3.1880-kring1937), reiste til Amerika 1899, busett Stewart BC, Canada, dreiv forretning (BSVD s. 138).
1.2.1900 reiste Jakob P. Ulvestad, 20 år, ugift, arbeidar frå Volda med
White Star Line. Reisemål: Minnesota. Merknad: Rodesedel. Billett: Her.
Medreisande Jakob J. Løndal og Lars S. Feden.(EÅ DigArk).
Pedersen, Jacob, udv. frå Ulvestad, Volden 1899; Mineforretning i
British Columbia og Alaska siden 1905 med Bopæl i Stewart, BC (MUNiA).
I fylgje folketeljing i USA 1900 budde Jacob Ulvestad f. 1880, utv.
1900, gårdsarbeider i Lee Township, Norman County, Minnesota. Det ser ut for at
han har jobba for ein Marsden. Usikkert
om dette er vår mann.
Møre 24. Okt. 1925, skrive av Thor E. Ness: Jack og broren Hans dreiv
med både sølv og gullgraving. Jack hev vore her i 28 og Hans i 19 år. Dei hev
på mange område so å segje vore fyregangsmenn her og hev med sin dugleig og
greidskorne ferd vunne seg mange vener.”Dei har havt ein særs gløggskap å finne
seg claims (skjerp) som er verdfulle.
Hans Andreas (Andrew B. [) Pedersen (31.12.1881-kring 1935) reiste til Amerika 1907, busett Milwaukee WI (BSVD s. 138). I BSVD er han truleg forveksla med Anders Britanus Pedersen Ulvestad frå Krikane.
14.3.1907
reiste Hans Andreas Pedersen Ulvestad f. 1881, ugift fisker. Linje: Hv.
Reisemål: Minnesota. Merknad: Udv. til. Billett: nei. Medresiande: Elias Matias
Nicolaisen Molvik(EÅ DigArk).
Møre
24.10.1925, skrive av Thor E. Ness: Medan Jack hev arbeidd i Stewart hev Hans
halde seg i Alice Arms og eign no mange verdfulle ”claims” der.
Pettergarden, Haugen
Knut Johannes Olai Haugen (20.1.1888-10.9.1947) var på skogsarbeid i Minnesota, men kom tilbake, gifte seg og tok over garden (BSVD s. 150 og 151).
EÅDigArk: 23.4.1910 reiste Knut Johan Olai P. Ulvestad, f. 1888, ugift,
fiskar, frå Volda med Hvide til Minnesota. Rodesetel. Billett: Penge.
Medreisande: Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Samund Olai j. Aksnes
til Canada, Sivert Martin A. Eidseth til Canada, Elias Andreas J. Hesteflot til
Canada.
Larsgarden, Haugen
Peder Olai [Berntson] Ulvestadhaug (10.9.1861-?) reiste til Amerika, busett Plummer MN, dreiv trelastforretning (BSVD s. 152).
Peder Berentsen Ulvestadhaug, Trelastforretning, Plummer, Minn.
(MUSNSiA).
11. august 1892 reiste Peder Berntsen Haugen, 30 år, ugift, med Cunard
linjen til New York. Under heimstad står det Amerikansk borger boende i
Minnesota. Det betyr at han har vore der tidlegare. Billett: her. I reisefylgje
var også broren Ole med familie. Sjå nedanfor (EÅ DigArk).
Ole Britanus Andreas Bernts. (24.5.1865-?). Han hadde dottera, Johanne, f. 1886 utanfor ekteskap. Han vart seinare gift 20.5.1890 med Teodora Jonsd. Frå Bjørkelunden, Nedre Mork (21.7.1865-?), fekk dottera Oline Marta Haugen (31.8.1891). Dei budde her ei tid som inderstar, reiste sidan til Amerika (BSVD s. 152).
11. august 1892, reiste Ole Berntsen Ulvestadhaug, 27 år, kona Theodora
Berntsen 27 år og dottera Oline Berntsen med Cunardlinjen til New York.
Billett: Her. I reisefylgje var også broren Peder, sjå ovanf. (EÅ DigArk).
NYPL 1892: Familien Ulvestadhaug Ole, Theodora og Oline reiste med SS
”Gallia” frå Liverpool, framme i New York 3.9.1892, Dottera Olive [Oline] var
11 mnd. Dei skal til Minnesota.
Ole Berentsen Ulvestadhaug, arbeider, Duluth, Minn. (MUSNSiA).
Theodora Jonsd. (21.7.1865-?) frå Bjørkelunden Nedre Mork. Ho var gift med Ole, sjå ovanfor og dei budde i Larsgarden ei stund som inderstar. I EÅ er ho nemnt som Theodora Berntsen. Dei fekk barnet Oline Marta Haugen (BSVD s. 152)
Oline Marta Haugen (31.8.1891-?), dotter til ovanfornemnde Ole og Theodora Ulvestadhaug.
Johangarden
Martinus Britanus Johanss. Haugen (25.8.1887-29.10.1948) var på skogsarbeid i Minnesota, men kom heim, gifte seg og tok over garden (BSVD s. 151 og 153).
23. april 1909 reiste Martinus Britanus Ulvestadhaug f. 1887,
gardsarbeidar med Hvide til Minnesota. Billett: Penge . Medreisande: Ragnvald
Britanus N. Molvik.(EÅ DigArk).
Martinus B. J. Haugen drog frå Liverpool med SS ”Laurentic” 29. april
1909, framme i Quebec, Canada, 7. mai 1909. Medreisande var Ragnvald N. Molvik.
Det ser ut som dei skal til Duluth, Minnesota (Border crossings from Canada to
U.S., AC).
Samtale med Hans Martin Klokk: Martinus var til Amerika 2 gongar.
Bøen, Espenakken
Mathias Thorss. Fløtre frå Breim i Gloppen (16.12.1895-11.8.1958) var 12 år i Amerika, busett Nebraska. Budde på Bøen med kone og barn 1935-1942. Flytte til Nyheim, Sætre, Ulvestadbygda (BSVD s.159).
NYPL 1921: Mathias Fløtre, 25 år frå Breim i Nordfjord, far Thor Fløtre
frå Breim. Han skal til Peterburg i Nebraska. Han reiste med ”Bergensfjord” frå
Bergen 1.9.1921, framme i New York 10.9.1921. Han skal treffe broren Thor
Fløtre i Petersburg, Nebraska. Mørkt hår og brune auge. Han har ikkje vore i
USA før og han har betalt reisa sjølv.
Reidar Rasmuss. Skalde (12.81908-6.9.1983) frå Tue i Vanylven, var 7 år i Amerika. Han kjøpte Bøen og flytte hit med familien (BSVD s. 158 og 160).
NYPL
1925: Reidar Skalde, 16 år, frå Vanylven, mor Astrid Skalde Aahjem, Søndmør,
reiste med ”Bergensfjord 7.3.1925 frå Bergen, framme i New York 17.3.1925. Han
skal treffe onkelen Bernhard Boresen i Glasgow, Tampico. Montana. Han har ikje
vore i USA før. Onkel har betalt for reisa.
Folketeljing USA 1930: Reidar Skalde, 21 år, gardsarbeidar, kom til USA
1925, busett i Tampico, Valley, Montana, men er ikkje statsborgar. Han er
leigebuar hos ein Ole O. Bronstad med familie. I nærleiken bur ein Ole Molvig
med familie og ein Elias Stensland med familie.
Jogarden – Rasmusgarden,
Espenakken
Person plassert under Holå, Løndalen: Rasmus Johannes Siverts. Nakken
Sivergarden, Lauvstad – Feta
– Feden
Lars Kornelius [Sivertson] (28.7.1880-?) reiste til Amerika 1900 (BSVD s. 170).
1.2.1900 reiste Lars S. Feden, 20 år, ugift, arbeide med Hvide st.
linjen til Minnesota. Heimstad: Volden. Merknad: Rodeseddel. Billett: Her. Han
reiste saman med Jakob J. Løndal og Jakob P. Ulvestad (EÅ DigArk).
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Lars S. Feden f. 1880, 19 år, ugift,
dagarbeidar, utv. 1900, i Lee Township, Norman County, Minnesota. Her budde
også Elling Ulvestad og Sivert Feden (Ancestry.com).
I fylgje folketeljing for Minnesota i 1905 budde Lars S. Feden 25 år, i
Hendrum, Norman, Minnesota. Han hadde yrke som smed (ancestry.com)
I fylgje folketeljing i USA i 1910 budde Lars S. Feden, 29 år, kona
Thea 24 år, Stella 3 år, i School District no 45 Dodson, Chouteau, Montana.
Stella var fødd i Minnesota. Lars Feden var smed. Thea og Lars har vore gifte i
4 år(Ancestry.com).
WW1DRC 1917-1918: Lars Severson Feden budde i Sandpoint, Bonner County,
Idaho år og årstal stemmer. Grå auge og brunt hår. Medium høgd og størrelse.
Næraste pårørande Thea Feden. Han er statsborgar.
I fylgje folketeljing i USA i 1920 budde Lars S. Feden, 39 år, kona
Thea 34 år, Stella 12 år, Myrtle 8 år og Mabel 2 år, i Sandpoint City, Bonner,
Idaho. Lars var framleis smed. Det ser ut som han har fått statsborgarskap i
1906. Myrtle var fødd i Montana. Mabel i Idaho(Ancestry.com).
I fylgje folketeljing i USA i 1930 budde Lars S. Feden 49 år, kona Thea
44 år og dottera Mabel, i Seattle City, WA. Dei er eigar av husværet.
I fylgje US WWII Draft registration Card 1942: Lars Sivertson f. 28.
Juli 1880, budde då i E 32 -6th Spokane, Wash. Han er då 61 år og arbeidslaus.
Ein person som alltid vil vite adressa hans er: Mrs Mable Croyle E. 20
Bridgepool, Spokane, Wash.
Lars Sivert Feden f. 28 juli 1880, d. 26 mars 1959 i Los Angeles. Mor
sitt pikenamn: Kvangarsnes. Far sitt etternamn: Feden (ancestry.com).
Thea Faden f. ca.
1886 (59 år), d. 20 juli 1945, i Spokane City (WASH. Death Index).
Rasmusgarden – Lauvstad –
Feta
Hans Peter Rasmuss.(24.31865-2.3.1910) var nokre år i Amerika. Tok over Rasmusgarden og busette seg der med familie (BSVD s.173).
Kyrkjeboka for Volda Under utflytta 1888: Hans Peter Rasmussen Feden
utflytta i 1888
Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal: 20 april 1888 drog Hans
Peter Rasmussen Feden 23 år, f. 1865,ugift gårdmannsøn. Fleire frå Volda reiste
same dato. Sjå under Sivert Olai Ulvestad frå Persgarden, Ulvestad.
Ole Peter [Rasmusson] (5.10.1870-?) reiste til Amerika (BSVD s. 173)
5. mars 1891 reiste Ole Peter Rasmusen Fidne [Feden], 20 år, ugift,
gårdmannson med Cunardlinjen til Minnesota. Billett: Her. Medreisande var Daniel
Petersen Lyngnæs. (EÅ DigArk).
I fylgje folketeljing for Minnesota 1895 budde Ole Feden 24 år,
gardsarbeidar, i Lee, Norman County, Minnesota. Han hadde budd 4 år i landet.
Her budde også John Feden, 21 år, smed (bror til Ole), som hadde vore 3 år i
landet (Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for USA i 1900 budde Ole Feden f. okt. 1870, 29
år, ugift i Vilage of Perley [?], Lee Township, Norman, Minnesota. Han hadde
yrke som smed. Det er oppgitt at han kom til USA i 1891. Det ser ut for at han
er leigebuar hos Martin Skjold. Her bur også John Feden f. 1873. Det er nok
broren til Ole (Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for USA i 1910 budde Ole R. Feden f. okt 1870,
ugift, i Juneau, Alaska (Ancestry.com).
Johannes Tobias (John) Robertson (10.9.1873-?), reiste til Amerika 1892, smed i Perley MN, seinare bilforretning i Fargo ND (BSVD s. 173).
2. juni 1892 reiste Johannes Rasmusen Fedten 18 år, ugift dreng, frå
Volda med Allan Line til Minnesota. Medreisande, sjå under Nakken, Gustav (EÅ
DigArk)
“John Robertson (Johannes Rasmussen), udv. Fra Feden, Volden, Søndmøre,
1892; Smedeforretnig I Perley, Minn. 1900-1907; Senere Automobilforretnig i
Fargo N.Dak. Broderen Sivert Feden, Gaardbr. ved Auburn, Wash” (MUNiA).
I fylgje folketeljing for Minnesota 1905 budde John T. Robertson 31 år,
kona Lina Robertson 22 år og borna Torwald 2 år og Clarance 5 mnd., i Lee,
Norman, Minnesota.
I fylgje folketeljing for USA i 1920 budde John Robertson 45 år i
Fargo, Minnesota. Han var automobilmekanikar. Han var gift med Agnes Robertson,
33 år, fødd i Minnesota av norske foreldre, John og Agnes hadde sønene Thorvald
17 år og Clarence 15 år.
John Robertson f.
10 sep 1873, d. april 1973. Siste bustad 91335 Reseda, Los Angeles, California
(Social Security Death Index).
Sivert Kornelius Feden (3.6.1877-?) reiste til Amerika 1895, busett Auburn WA, gardbrukar og arbeidar.
Sivert Rasmussen Feden, arbeidar, Tacoma, Wash. (MUSNSA)
Sivert R. Feden udv frå Volda, Sunnmøre, 1895; gardbrukar ved Auburn
Wash.; sidan 1909 var ein av stiftarane av ”Norden”, S av N i Tacoma (MUNiA).
Sivert Feden vart gift 1900 med Maria Olson (1873-1942). Dei fekk
borna: John Samuel Feden (1901-1975), Ruth Feden (1903-1989), Anne Feden
(1909-1965), Mabel Feden (1911-1911), Ethel Irene Feden (1913-1997). Sivert
Feden d. 1921 (Roslyn Elmquist, Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 1900 budde Sivert Feden f. juni 1877 i Lee
Township, Norman Minnesota. Han hadde utvandra 1895 og var ugift, dagarbeidar.
Her budde også Lars S. Feden og Elling Ulvestad (Ancestry.com)
I fylgje folketelinga for USA i 1910 budde Sivert Feden 33 år, Mary 37
år, John 9 år f. Oregon, Ruth 7 år, f. Washington, Theodore 2 år f. WA, Annie
11 mnd f. WA, i Valley, King, Wash. Sivert hadde immigrert i 1904 står det.
I fylgje folketeljing for USA i 1920 budde Samuel R. Feden 43 år, kona
Mary 46 år, John S., 18 år, Ruth 17 år, Theodore S. 12 år, Annie S. 10 år,
Ethel 6 år 9 mnd., Woodland S. 3 år 10
mnd. I district 64, Valley, King, Washington. Sivert hadde immigrert i 1904 og
fått statsborgarskap i 1903. Han var gardbrukar (Ancestry.com).
Severt Robertson Feden hadde eige gardsbruk i 1918 i fylgje WWI Draft Registration Card. Han hadde grå auge,
brunt hår og var ”tall and slender”(Ancestry.com).
Tarri30 Feden
family tree Ac: Sivert Rasmus Feden f. 1877 d. 1921. Maria Olson 1873-1942.
John Samuel Feden 1901-1975. Barn av John Samuel Feden 1901-1975 og Anne Viola
Caling 1906-?: Eugene Roy Feden 1926-1992 gift med living Walker, barn: Living
Feden.
Johannesgarden, Nakken
Sivert Johannes (25.1.1850-20.11.1930) gift 26.6.1881 med Johanne Severine Jonsd. (12.3.1856-11.12.1943), busett på Rafteseth i Herøy. Sivert reiste til Amerika med familien 1888 (BSVD s. 192).
I fylgje Bjarne Rabben: Herøyboka Bygdesoga 2, 1973, hadde dei borna: Amalie
f. 1881, Josefine f. 1883, Johannes f. 1885, og Mads f.1887. I Herøyboka Gardar
og folk III er namna skrivne slik: Malla Petrine Gurine, Josefine Albertine
Marie, Johannes Stefanus Gustav, Mads Britanus.
EBDigArk:
26.6.1888 reiste Sivert Johannessen Raftesæt, 38 år, f. 1850, gift, grdmd. Kona
Johanne Johnsdatter Raftesæt f. 1855 i Volda er medreisande. Dei har hatt
bustad Herøy. Dei har med borna Amalia 7 år, Johannes 4 år og Mads 1 år. Medreisande
varogså Annanias M P Johnsen Ulvestadnak [nevø til Sivert] ugift gmdssøn, f.
1866, 22 år frå Volda.
I fylgje folketeljing for Minnesota 1895 budde Sivert Rafteseth 44 år,
gardbrukar i New Solum, Marshall, Minnesota. Her budde også kona Johanne
Rafteseth 38 år og borna Malla 13 år, Johannes 9 år, Madts 8 år (f. Norge),
Sigurd 6 år(f. Minnesota),, Gustava 4 år Adolf 3 år, Hjalmar 5 mnd. Sivert har
budd i staten i 6 år og 2 mnd.
I fylgje folketeljinga i USA budde familien på same staden i 1900. Men
her er fødselsåra til borna presiserte: Malla (f. sep. 1881), Johannes (f. mar.
1885), Mats (f. mar. 1887), Sigurd (f. mar. 1889), Gustava (f. feb, 1891),
Adolph (f. apr. 1893), Hjalmar (f. Feb. 1895), Alfred (f. feb. 1897). I folketeljinga står det elles at Johanna har
9 born, der alle 9 framleis lever. Ho hadde altså 1 barn som ikkje står oppført
her. Det må vere Josefine Albertine Marie som vart gift 1903 med Gustav
Martinus Nakken (sjå nedanfor). Gustav og Josefine var syskjenborn. Sivert
er farmar på eige gardsbruk. Han har
budd 12 år i landet, men kan ikkje engelsk. Det kan heller ikkje kona. Sivert
er US statsborgar.
I fylgje folketeljinga for Minnesota 1905 budde familien her også i
1905, med unntak av Malla. I tillegg var
Gust Nakken, Sivert sin brorson, farmar, 34 år, kona Josephine 23 år og sonen
John 1 år, busett her. Gust har budd 9
år i landet, 7 i staten.
Familien til Sivert og Johanna bur i New Solum også under folketeljinga
i 1910. Nokre av borna har endra namn. Malla til Millie. Mats til Matt.
Johannes til John. Gustava til Gustie. Gustav Nakken med familie bur også her i
nabolaget. I folketeljinga står det at Sivert immigrerte i 1888 og at han no er
statsborgar.
I fylgje folketeljinga USA 1920 bur Syvert J. Rafteseth 69 år, i nr.
81, Rosewood and Vicinity, New Solum, Marshall, MI. Her bur han saman med kona
Johanna 62 år og borna Matheas B. 32 år, Sigurd J. 30 år, Adolph P. 27 år,
Hjalmer B. 25 år, Alfred J. 23 år. Borna fødde i Minnesota, unntatt Matheas.
Syvert har ingen yrkestittel, men alle sønene er gardsarbeidarar.
I fylgje folketeljinga for USA i 1930 bur Sivert 80 år, pensjonist og
Johanna 74 år hos sonen Jalmar, 35 år, farmar. Kona heitte Nelley, 27 år. Dei
har sønene Keneth 1 år og Marle 1 mnd. Gustav Nakken og familien er også
registrert her i New Solum.
Slektstre på Ancestry: Molden Family Tree
Skøyte på eigedomen til Sivert Rafteseth kan ein finne på nettet under:
US General Land Office Records og Minnesota Land Records (Ancestry.com).
Samtale med Johannes Fløtre, april 2012: Sivert og Gustav Nakken hadde
farmar side om side i New Solum.
Ananias Mathias Peder (7.7.1866-?) reiste til Amerika 1888, døde der (BSVD s. 193). Han var Sivert Rafteseth sin brorson og Gustav Nakken sin bror.
Kyrkjeboka for Volda, utflytte 1888: Ananias Ulvestadnakk utflytt i
1888 .
EBDigArk: 26.6.1888 reiste Annanias M P Johnsen Ulvestadnak, f. 1866,
22 å,r frå Volda, ugift gmdssøn. Han reiste saman med onkel Sivert Raftesæt
[sjå ovf.]
og familien.
Samtale med Rasmus Fløtre: Ananias hadde visst ikkje familie. Han
arbeidde i skogen, men kom vekk der borte. Veit ikkje kvar han vart av. Fekk
ikkje kontakt med han meir.
Gustav Martinus (9.8.1870-1.4.1943) gift 27.1903 Josefine Albertine Marie Sivertsd., frå Rafteseth i Herøy (12.7.1883-24.1.1967), reiste til Amerika (BSVD s.193). Josefine var dottera til Sivert Rafteseth, sjå ovf..
2. juni 1892 reiste Gustav Johnsen Nakken, 21 år ugift frå Volda, dreng
med Allan linjen til Minnesota. Billett: Her. Medreisande voldingar var Hans
Barstad (heimstad: Amerika), John Drabløs, Søren Sætreås, Sivert E. Koppen,
Johannes Rasmusen Fedten. (EÅ DigArk)
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Gustav Nakken, 29 år,
ugift i New Solum, Marshall, Minnesota.
Han er då farmar på sjølveigd farm. Han hadde immigrert i 1892.
I fylgje Border Crossings from Canada to USA 1901: Josefine emigrerte
med SS ”Parisian” som drog frå Liverpool 29.08.1901, framme i Quebec 6.09.1901.
Ho var tenestejente (servant). Det var faren som hadde betalt for reisa. Ho
skal til Thief River Falls, til far sin.
I fylgje folketeljinga i USA I 1910 budde Gustav Nakken, 39 år, farmar
i New Solum, Marshall, Minnesota. Her budde også kona Josephine 26 år, og borna
John 6 år, Simon 3 år og Arnold 1 år. Det ser ut som at familien Nakken (hus
nr. 47) og Rafteseth (hus nr. 46) er naboar. Ei rekkje nordmenn budde i
området.
I fylgje folketeljinga 1920 er nok eit barn kome til verda. Det var
Gladys 6 år og 3 mnd (29. jan 1920). Alle borna var fødde i Minnesota. Det går
fram at Gustav og Johanne fekk statsborgarskap i 1902. Dei bur framleis i New
Solum, men nummer på husvære er nr. 88. Gustav er farmar.
I fylgje folketeljinga 1930 bur familien framleis i New Solum, men det
er berre Arnold 21 år og Gladys 16 år som framleis bur her av borna. Arnold er
farmar. Gladys er student.
Gustav Nakken f. 9. aug 1870 d. 1. april 1943 i San Francisco
(California Death Index 1940-1997 Ancestry.com).
Samtale med Johannes Fløtre: Dottera til Gustav, Gladys, budde nokre år
i San Francisco. Så det er difor muleg at Gustav var hos henne då han døde, men
han vart gravlagt i New Solum. På garden til Gustav vart det gitt tomt til
kyrkje. Rasmus Fløtre har spelt på orgel
i den kyrkja. Næraste sentrum med skule er Roseby. Neppe etterkomarar på garden
til Gustav no. Johanes Fløtre har hatt kontakt med eit barnebarn til Gustav som
heiter Barbara (dotter til Gladys) som har budd i Idaho.
Anders Johannes (1.6.1882-?), reiste til Amerika og døde der (BSVD s. 193).
1.5.1902 reiste Anders Nakken 20 år, ugift arbeidar frå Volda med White
Star Line til Minnesota. Merknad: Rodeseddel. Billett: Her. Medreisande frå
Volda var Ole M. Halkjelsvik.(EÅ DigArk).
Anders Nakken reiste med SS ”Cymric” frå Liverpool 9. mai 1902, framme
i New York 19. mai 1902. Han skal til Marshall, Minnesota for å besøke onkelen
Gustaf Nakken.
Samtale med Johannes Fløtre: Anders budde ei stund med Gustav, men han
arbeidde andre stader. Anders hadde vore fadder til eit barn. Reisekista til
Anders kom fram til Gustav, men han forsvann på toget eller noko sånt. Etterkomarar
har ein del av remediane hans enno. Johannes Fløtre har ein del bilder og
ættelister av folket frå Nakken
Skaret
Elling Johannes Martinus [Andreasson](13.9.1882-26.2.1980), gift med Ida Janson (4.8.1885-21.12.1964), reiste til Amerika 1904, busett Seattle, WA (BSVD s.194)
Elling Skaret brukte å skrive lesarbrev til ”Møre”. Og var fleire turar
heim til Norge.
18. februar 1904 reiste Elling A. Ulvestadnak, 21 år, ugift, arbeidar
frå Volda med White Star til Minnesota. Merknad: Rodesetel 50.00. Billett: Nei.
Medreisande: Peder O. Drabløsvik [ frå Lida]
Elling Johannes Martinus Skaret, snikkar, søkte om statsborgarskap i
USA 15. juni 1929. Adressa
hans var då 7933 – 30th Ave. S.W. Seattle Washington. Han emigrerte til USA frå
Hanna, Alberta, Canada i april 1923, gjennom Eastport Idaho 8. mai 1923 på
”Highwayen”. Han var gift med Ida Clara f. 4. aug 1885 i La Moure, N.D. Dei har
6 born: 1)Artur Skaret f. 21.02.1912 i Castor, Canada.2)Morest f.2.8.1913 i
Castor Canada. 3)Elvera f.
28.8.1915 i Endiang, Canada. 4)Harvey f. 10.8.1917 i Endiang. 5)Albert f.
19.4.1919 i Alliance, Canada. 6)Ane f. 16.12.1923 I Seattle Wash. Vitner til
søknaden: Alias Molvik, snikkar, 1037 – 71 St. Seattle, Wn og E.A. Ulvestad,
elektrikar, 6620 Fauntleroy Ave, Seattle.
Elling Skaret har vore ein tur til fedrelandet i 1936. Han reiste med
”Stavangerfjord” frå Bergen 12. mars 1936, framme i New York 20. mars 1936. Han
er då 53 år. Det framgår her at han har fått statsborgarskap i USA 28. sept.
1929.
Han har også vore i Noreg i 1947. reiste tilbake til USA med
”Stavangerfjord” 11 juli frå Oslo, framme i New York 21. juli 1947. Han var då
64 år.
Også i 1950 tok han ”Stavangerfjord” tilbake til USA. Frå Bergen 26.
oktober, framme i New York 3. november.
Bok på internet:
Moreys Bench, Stories from the Life and Times of Morest L. Skaret. As told to
Judy E. Pckens. Mykje interssant om livet på prærien.
Holå, Løndalen
Oline Andrine (26.1.1874-?) gift med Kristian Pederss. Sandnes frå Vanylven (1868-?).
28.5.1898 reiste Oline Andrine Sivertsd. Løndal, 24 år, f. 1874, ugift,
tenestejente frå Volda. Ho skulle reise
med Americanl. Billett var pp [prepaid] (EBfM&R DigArk).
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Oline S. Sandnes 26 år og
mannen hennar, Christ P. Sandnes 32 år i District 7, Lincoln, Barnes, North
Dakota. På dette tidspunktet hadde dei enno ikkje vore gifte eit år. Han hadde
immigrert i 1888 og var statsborgar og farmar av yrke. Ho immigrerte i 1898.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Olena og Christian P. Sandnes
i District 13, Rosebud, Barnes, North Dakota. Dei har då vore gifte i 11 år og
har fått borna: Sigvart 9 år, Conrad 7 år, Alfred 6 år, Astrid 5 år, Clara 3
år, Palmar 1 år 6 mnd (mai 1910). Andrew Vidnes, 19 år, bur hos dei som dreng.
I fylgje folketeljinga i USA 1920 budde Oline (45 år) og Christian P
Sandnes (51 år) i District 11, Rosebud, Barnes, North Dakota. Då hadde dei fått
borna: Sigvart C., 18 år. Conrad R., 17 år. Alfred O., 16 år. Astred C., 14 år.
Clara O., 13 år. Palmar B., 11 år. Melvin R., 9 år. Alven, gut, 7 år. Almer, gut, 4 år. Ei rekkje norske familier
budde i området.
I fylgje folketeljinga i SA 1930 budde Lena 56 år og Christian
Sandness, 62 år, i District 42, Rosebud, Barnes, North Dakota. Alt tyder på at Olina
har skifta namn til Lena. Borna som budde hos dei var Palmar 21 år, Clara 23
år, Melvin 19 år, Almer 14 år. Både Christian og Palmar har yrke som
kornfarmarar. Christian eigde farmen.
Lena Sandnes f.
26. jan 1874, d. 15 okt. 1969, siste bustad 58461 Litchville, Barnes, North
Dakota (Social Security Death Index, A.c).
Jakob Martinus (17.10.1875-?), reiste til Amerika (BSVD s. 200).
EÅ DigArk: 1.2.1900 reiste Jakob J. Løndal, 24 år ugift, arbeidar frå
Volda med White Star Line. Reisemål: Minnesota. Merknad: Udv tillatelse.
Billett: Her. Medreisande frå Volda: Jakob P. Ulvestad og Lars S. Feden.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Jacob Lundahl 34 år og kona
Sarah 32 år i District 13, Litchville, Barnes, North Dakota. Dei har vore gifte
i 5 år og har borna Hjalmar S. 3 år og Beatrice 2 år. Begge borna var fødde i
Minnesota. Jacob er snikkar på hus.
I fylgjeWWI Draft
Registration Card 12. sept 1918 budde Jakob Sivertson Londahl (f. 17. Okt 1875) i 3644
W 63rd St. Seattle, King, Washington. Han var skipsbyggar. Arbeidsgivar var
Skinner & Eddy Corp. Kona var Sarah Londahl. Han var medium høg, men hadde
staut kroppsbygning. Mørkeblå auge og lyst hår.
I fylgje folketeljinga i USA i 1920 budde Jakob S. Londahl 44 år og
kona Sarah Londahl 41 år i Precinct 38, Seattle, King, Washington. Dei hadde
borna: Hjalmar S. 13 år, Beatrice A. 12 år, Benedick (son) 9 år, Stanley A. 7
år. Jakob hadde immigrert i 1900, Sarah i 1902. Dei vart statsborgarar i1906.
Hjalmar og Beatrice var fødde i Minnesota. Benedick i N. Dakota. Stanley i
Washington. Jakob er skipsbyggar på skipsverft. Han eig husværet.
Sarah S. Londahl d. 12. Feb. 1964 i Seattle (Wash. Death Index, Ac).
Rasmus Johannes Sivertss. Løndal (10.10.1881-3.1.1957), kjøpte Jogarden – Rasmusgarden, Espenakken i 1915. Han var i Amerika ei tid (BSVD s. 200 og s. 162)
Rasmus Londal, 21 år, arbeidar, reiste med SS ”Philadelphia” frå
Southampton 15. mars 1902, framme i New York 22. mars 1902. Han har betalt
billetten sjølv. Det ser ut for at han skal til La Moure N. Dak. Han skal
besøke broren (New York Pass. List, A.c.)
Marta Severine (30.8.1884-17.5.1973), gift med Hans Hånes og busett Rovde (BSVD s.200)
Marta Londal Sivertsen, 19 år, ugift, tenestejente, reiste med SS
”Majestic”, frå Liverpool 16. mars 1904,
framme i New York 24. mars. Ho skal til Litchville i N. Dak.. J. Londal
har betalt for billetten. Ho skal møte ein ven, Mr. A. Hellebust (?) i
Litchville (New York Passanger List, A.c)
Molvikgarden, Sætre
Elias Mathias Molvik (10.4.1888-?), reiste til Amerika gift med Ina George (BSVD s. 204).
EÅDigArk: 14.3.1907 reiste Elias Matias Nicolaisen Molvik, f. 1888,
snikkar, frå volda, med hvite til Minnesota. Rodesetel. Billett: ja.
Medreisande: Hans Andreas Pedersen Ulvestad.
I fylgje folketeljing I Canada I 1911 budde Elias Molvik (f. april
1888) i Prince Rupert, Comox Atlin, British Columbia. Han immigrerte i 1911.
Elias Molvik vart
gift med Ina H. George 22. des 1913 i Vancouver (British Columbia Marriage
Index, Ac).
Elias Molvik, snikkar, 28 år og kona Ina Molvik 26 år skulle forlate
Canada (registrert mai 1916) for å dra til Tacoma i USA. (Border Crossings From
Canada to US, Ac)
USA Declaration of Intention: Elias Molvik, 28 år, snikkar, emigrerte
til USA frå Vancouver med fartøyet ”Princess Adelaide”. Han kom fram til Seattle
17. mai 1916. Adressa i Canada var Britainia Beach B.C. Ny adresse i USA: 3572
Spokane Ave, Tacoma, Washington. Kona sitt namn var Ina som bur med han.
Dokumentet signert 18. mai 1916.
I fylgje WWI Draft
Registration Card 1917 budde Elias Molvik 29 år, f 10. april 1888 i 5015 W
Dawson, Seattle, Wash.. Han er snikkar hos Arnes Shipbuilding Co.
I fylgje folketeljing I USA I 1920 budde Elias og Ida Molvik (f. ca.
1890 i California) i Darler Avenue.
Seattle, King, WA. Elias var då skipssnikkar.
I fylgje US WWII Draft Registration Card, 1942: Elias Molvik 54 år,
budde i 1308 – 20 St. Anacortes, Skagit, Wash. Arbeidsgjevar var East [?] Wood Lumber Company, Anacortes, Skagit,
Wash.. Næraste pårørande: Ina Molvik.
Ina Molvik d. 19
nov. 1968 i Anacortes (Washington Death Index)
Elias Molvik f. 10 april 1888 d. 22. jan 1974. Siste bustad var 98221 Anacortes, Skagit, Washington (Social Security Death Index, Ac).
Ragnvald Britanus Molvik (22.3.1890-10.10.1970), reiste til Amerika 1909, gift 1928 med Gunda Marie Scramstad, busett Alberta, Canada.
23. april 1909 reiste Ragnvald Britanus N. Molvik, f. 1890, ugift, steinarbeidar
frå Volda med White Star. Reisemål: Minnesota. Merknad: Rodeseddel. Billett:
Pengar. Medreiasnde: Martinus Britanus j. Ulvestadhaug. (EÅ DigArk)
Ragnvald N. Molvik, 19 år, drog frå Liverpool 29. april 1909 med SS
”Laurentic”, framme i Quebec 7. mai 1909. Medreisande var Martinus B. J.
Haugen. Det ser ut for at dei skal til Duluth i Minnesota.
Knutegarden, Sætre
Johannes Olai Jakobss. Sætre (12.8.1900-28.4.1976) Johannes var fleire år i Amerika og han var amerikansk statsborgar (BSVD s. 209). I Amerika frå 1926-1935 og 1937-1946. Deretter pendling mellom Norge og Alaska kvart år 1947-1976. Han døde i Norge (BSVD s. 209)
Han reiste til USA i 1926 og vart amerikansk statsborgar med namnet
John O Sater. Han arbeidde i Alaska då USA kom med i verdskrigen i 1942 (MfD
2007 s. 98). Han arbeidde i Platinum frå 1936-1976. frå 1936-1946 var han der
samanhengande. Elles pendla han mellom Noreg og Alaska. Ut om våren og heim
igjen om hausten (MfD 2005 s. 100).
EmBergenDigArk: 7. mai 1926 reiste Johannes Olaj Paulsen [Paulsen
truleg feil transkribert] Sæthre, f. 1900, ugift, gardsarbeidar frå S’tre,
Dalsfjord Volda Søndmør, til La Moure No.Dak., med United States Line, for å
søke arbeid. Skattekort forevist. Nytt yrke: Farmarb. Reisepass Aalesund pkm.
Fri for Vpl. Medreisande var Anders Johannes Sæteraas.
Johannes Satre, 25 år, frå Dalsfjord drog frå Bremen, Tyskland 12. mai
1926 med SS ”Republic”, framme i New York 23. mai 1926. Medreisande var Anders
Satreas. Dei har yrke som farmarar. Meininga er at dei skal til La Moure ND (NYPLA.c)
I fylgje USA Declaration of Intention, signert 3. sep 1935: John Ole
Sater, 35 år, f. 12. aug 1900 i Volda. Adresse: 517 Yesler Way, Seattle, King,
Washington. Han reiste frå Bremen, Tyskland med SS ”Republic”, framme i New York
23. mai 1926. Han har tidlegare gjort ei ”Declaration of Intention” 27. mai
1928 i Astoria, Ore. Då med namnet Johannes O. J. Saetre.
John Ole Sater, 36 år, ugift, sjømann, fødd i Volda, drog frå
Southampton med ”Queen Mary” 3. mars 1937, framme i New York 9. mars 1937. Han
skal til Seattle, Washington. Han har vore statsborgar i 10 år sidan 8.3.1936.
Det ser ut for at adressa hans er 705 – 30 Ave W Seattle. Sist han var der var
12. aug. 1936 (New York Passanger List, A.c).
John Ole Sater, 46 år gift drog frå Gøteborg 1. mars 1947 med M.S.
”Gripsholm”, framme i New York 10. mars 1947. Han har bustadadresse i Platinum,
Alaska. Sist han reiste frå USA var 22. nov 1946.
John Sater, 51 år, gift, reiste frå Southampton 15. mars 1952, med
”Queen Elisabeth” framme i New York 20. mars 1952. Han skal til Platinum,
Alaska (New York Passanger List, A.c)
John Ole Sater drog frå Bergen med ”Stavangerfjord” 7. eller 8. mars
1950, framme i New York 17. mars 1950. Han skal til Platinum, Alaska (New York
Passanger List, A.c)
Ole John Sater drog frå Bergen 18.3.1956 med ”Stavangerfjord”, framme i
New York 26.3.1956. Adresse i
USA: Stuart Bld., Seattle, Good News Mining Co., White-Henry.
Pergarden, Sætre
Jørgine Severine (14.4.1843-?) gift med (Hans) Martinus Anderss., frå Sivertgarden, Torvika (f.15.3.1843), var ei tid busett på Takset i Syvde, reiste sidan til Amerika, busett Stoughton Wisconsin. (BSVD s. 211). Sjå meir under Hans Martinus Anderss, Sivertgarden, Torvika.
SKViVDigArk: Jørgine Severine Andersdat. Sætre utflytt til Bergen
vaaren 1864.
Ho tok namnet Georgine i USA
I fylgje folketeljinga 1920 hadde Georgine då vorte enke. Ho budde då
saman med dottera Anna L. (48 år) i North Monroe, Stoughton. Begge hadde fått
statsborgarskap i 1896. Dei har ingen yrkestittel, men det ser ut som dei eig
husværet (A.c)
Ole Sigvald (27.1.1891-?), reiste til Amerika 1910 (BSVD s. 211.)
EÅ DigArk: 23. april 1910 reiste Ole Sigvald Pedersen Sætre f. 1891,
ugift snikkar med hvite [White Star Line] til Min. USA. Rodeseddel, ikkje
billett. Medreisande frå Volda var: Knut Johan Olai P. Ulvestad, Sæmund Olai J.
Aksnes, Elias Andreas J. Hesteflat og Sivert Martin A. Eidseth. Dei tre sistnemnde hadde reisemål Canada.
Ole Sigvald tok namnet Olaf Sather i USA. Han starta som maskingut på
lastebåtar på Great Lakes. Om vintrane når sjøane var tilfrosne tok han
utdanning. Han tok sertifikat på både stim- og dieselmaskiner. Han var både
chief og skipsinspektør. Etter universitetsutdanning i kjemi vart han
overingeniør i Standard Oil. Seinast i 1967 hadde han vikariert som chief på
Dei store sjøane. Han var ein tur til Norge i 1969. Han døde 25.05.1971. (Ivar
Sætre: Dei som vart att heime og dei som reiste ut, MfD 2006)
I fylgje WWI Draft Registration Card: Olaf Petersen Sather, 26 år, f.
27. jan 1891 i Volda, ugift, budde i West 2nd Street, Deluth, St Louis,
Minnesota. Yrkestittel var Assistant Marine Engineer. Arbeidsgjevar: Tomlinsen
Steam Ship Co.. Dette var på Great Lakes. Han var ”tall og slender” – høg og
tynn, hadde blå auge og brunt hår. Underteikna 31. mai 1917.
I fylgje folketeljinga USA 1930: Olaf P. Sather, 39 år, gift med Esther
O. Sather (25 år?) fødd i Minnesota med norsk far og svensk mor. Dei har borna
Leonard 12 år og Mildred 10 år. Olaf var Lubrication Engineer i Standard Oil.
Familien budde i Robinson Street, Duluth, St Louis, Minnesota. Olaf P. Sather
var 28 år ved fyrste ekteskap. Esther O Sather var 20(?) år ved fyrste
ekteskap. Det kan tyde på at Olaf har vore gift tidlegare.
Knut [Peders.] (21.12.1898-?), sjømann, døde i Amerika.
Knut Pedersen heitte han i folketeljinga i Volda 1900. Han er ikkje å
finne i kyrkjebøkene som døypt. Han var heimedøypt i internt samfunn. (DigArk).
Familien høyrde sikkert til dei som melde seg ut av statskyrkja etter at
læraren Nikolai Molvik vart avsett fordi han leia privat nattverd (1893).
Knut døde i 1932, berre 33 år gamal. Han hadde først vore sjømann på
dei store sjøane i USA, og sidan arbeidd på skipsverft (Ivar Sætre, MfD 2006).
Border Crossings from Canada to US, A.c: Knut Sather, ugift, sjømann,
24 år, var innom Duluth 24. desember 1923. Siste permanente adresse var Sætre,
Volden. Næraste pårørande var: Peter Sather, Sætre, Volden, Norway. Knut Sather
skal til Brooklyn, N.Y.. Han har vore i USA tidlegare m.a. Philadelphia. Siste
gong han forlet USA var 15. okt. 1923. Han var 6 fot og 5 tommar høg. Han hadde
grå auge og lyst brunt hår.
Nilsgarden, Sætre
Mogeleg utvandra: Jon [Nilsson] (11.9.1826-?) reiste til sjøs og døde ute.
Mette Karine (2.3.1840-?), reiste til Amerika, gift der (BSVD s.214).
Ho er ikkje å finne i folketeljinga for Volda 1865 og 1875.
Ragnhild Marta (14.9.1855-?) reiste til Amerika, gift med Nils Nordhus (BSVD s.214) Ho var systerdotter (niese) til Mette Karine (ovf.). Foreldrene til Ragnhild Marta var Knut Nilss. Og Ane Serine Olsd. Frå Espenakken. Ragnhild var eit sokalla uekte born for foreldra var ikkje gifte då dei fekk henne. Dei gifte seg fyrst i 1860. Dette var noko uvanleg på denne tida.
Ragnhild Marta Knudsd., f. 1855 flytte til Ålesund sept. 1877 (Skanna
kyrkjebok Vanylven i Vanylven 1868-1884, DigArk).
Ragnhild Marta Knudsdatter f. Volda 14.1855, konfirmerte 9.10.1870 i
Vanylven, innflytta til Ålesund 1874 frå Vanylven, gift 7.10.1877 i Ålesund med
Niels Olsen Nordhus f. 15.12.1852 i Fjelberg. Han hadde komt til Ålesund
februar 1875. (Ålesund 1873-1898 Klokkerbok DigArk).
I fylgje folketeljinga i Bergen i 1891 (DigArk): Nils Ols. Nordhus (Løsarbeider,
f. 1852, Fjeldbergs herred) og Ragnhilde Ols. (f. 1855, Volda) med borna:
Ingeborg Anna Ols. (f. 1878, Ålesund by), Kamilla Ols. (f.1879, Ålesund by), Olga Martine Ols.(f. 1888,
Bergen by), Ragnhild Judith Ols.(f. 6.6.1890), Bergen by). I fylgje
folketeljinga 1900 (DigArk) har desse borna kome til: Knut Olai (6.5.1892,
Bergen), Nils (f. 1894, Bergen), Ingeborg (f. 12.8.1899, Bergen). Ingeborg f.
1878 er ikkje med på denne folketeljinga.Dei budde i Schrødersmuget 6, i 1891.
Dei budde i Strangt. 125, i 1892. Dei budde i Klevesmug nordre, i 1900.
30. mai 1902 reiste Nils Olsen Nordhus (løsarbeider) og dottera Olga
Martine Nordhus (14 år) med Stjerne pp [White Star Line] til Amerika (Emigrantar
frå Bergen, DigArk). Billetten var sannsynlegvis prepaid – førehandsbetalt.
Nils Nordhus, 50 år, arbeidar, drog frå Liverpool 6. juni 1902, med SS
”Cymric”, framme i New York 16. juni 1902. Han har med seg dottera Olga
Nordhus, 13 år. Dei skal til Blair, Wis. for å besøke Nils sin bror, Paul
Nordhus (New York Passanger list, A.c).
18.
juli 1904 drog Ragnhild Martha Knudsen Nordhus (49 år, f. 1855, Volda) og sonen
Nils Olai Nilsen Nordhus (10 år) til Blair i Wisc med Stjerne [linjen].
Ragnhild er sagmøllearbshustru og har mannen i Amerika (Emigrantar frå Bergen,
DigArk).
Folketeljing
i USA 1920, i Duluth, St Louis,
Minnesota., A.c: Ragnhild Nordhus, 65 år, enke budde hos familien Peter og Olga
Overland med fire born. Olga er sikkert dottera til Ragnhild. I husstanden bur
også Nels O. Nordhus, 25 år, US statsborgar i 1918. Han jobba på sagbruk
(Lumbermill). Det står at dei immigrerte i 1902.
Folketeljing
i USA 1930, Ettrick Township, Trempealeau, Wisconsin: Ragnhild Nordhus, enke,
74 år, budde hos farmaren Paul Nordhus, 70 år. Han er enkemann. Han hadde
immigrert i 1882. Her bur også brørne hans, John og Abel Nordhus. Ragnhild er
svigerinne til desse brørne. Yrkestittel er tenar (servant). Ho hadde immigrert
i 1904.
US
City Directories Ragnhild Nordhus (enke etter Nels) bur hos sonen Nels Nordhus
i Duluth, 2611 W 4th.
Minnesota Death
Index (A.c): Vels Nordhus, d. 7. Mai 1917 i Carlton County. Vels er
sannsynlegvis feil transkribert. Det skal vere Nils.
Minnesota Death
Index (A.c): Ragneild Martha Nordhus d. 21. nov. 1945 i Saint Louis County.
Nils Martinus Larss. Sætre (2.1.1900-25.10.1978), var i Amerika ei tid.
EÅ DigArk: 19. januar 1924 reiste Nils Martinus Larsen Sætre, f. 1900 i
Volda, gardbrukar, ugift til Canada. Billett: Nei. (EÅ DigArk). Medreisande:
Ole Elias Laurits Jakobsen Tilset, Jakob Torvald Lauritsen Drabløs og Rasmus
Pettersen Løvig.
USA Declaration of Intention, sept. 1927: Nils Martinus Larsen Sætre,
27 år, ugift, arbeidar, f. 2.1.1900 I Volda. Han kom til USA frå Vancouver B.C,
Canada med ”Princess Victoria”, framme i Seattle 1. feb. 1927.
Ny adresse i USA: Tacoma, Wash.
Antonsgarden, Sætre
Bjørn Sverre Sætre f. 21.3.1935 (BSVD s. 218 og 224). Han budde i Montana, USA ei tid. Han var med i ei religiøs rørsle som heite Summit Lighthouse. Han flytte tilbake til Sætre. Bygde seg hus på Bergane. Gift 1996 med Nada-Marija Krajnovic, skilde. Dei flytte fyrst til Spania, seinare Sverige. Bjørn flytte heim til Sætre.
Nyheim – Ned-onde-Haua, Sætre
Sivert Olav (Severt) Sather (4.11.1907-27.4.1990), reiste til Amerika 1925, gift med Edna Lucille Lasch, busett Elkhorn, Wisconsin. Severt var båtførar, seinare fabrikkarbeidar(BSVD s. 222).
SKDiVDigArk: Sivert Olai Rasmussen Sætre, f. 1907. Utflytt 22.6.1924
til Duluth, USA.
21. januar 1925 drog Sivert Olav Rasmussen Sætre, ugift, fiskar, til
USA. Medreisande frå Volda var Jan Sigurd Gregoriussen Rotevatn (Emigranter
over Ålesund, DigArk).
Sivert Sætre, ugift, fiskar, 17 år, frå Volda, drog frå Bergen med
”Stavangerfjord”, frå Bergen 24. jan. 1925 framme i New York 3. februar, 1925.
Reisemål var Duluth i Minnesota New York Passanger List, A.c)
Severt Sather (f.
4. Nov. 1907) budde i 426 W Walworth St, Elkhorn, WI (US Public record Index
vol II, A.c.). Sannsynlegvis budde han her då han døde.
Pålgarden, Sætreåsen
Søren Elias (9.4.1870-1948), var i Amerika i over 50 år (BSVD s. 235).
2. juni 1892 drog
Søren Sætreaas, 21 år, ugift, gbr, frå Volda, med Allan Line. Reisemål
Minnesota. Billett: Her. Medreisande: Peder P. Ulvestad, John Drabløs [Myhre?],
Søren Sætreås, Sivert E. Koppen, Gustav Johnsen Nakken, Johannes Rasmussen
Fedten. Pluss 2 andre frå Volden: Nils Hovde 33 år, og Gabriel T. Sannæs 21 år
samt Hans Barstad som har heimstad Amerika. (EÅ, DigArk).
US Passport
Application, 1924: Soren Anderson, f. 9. april 1870 (Far: Anders Satreas): Her
står det at han drog frå Bergen omkring april 1892 og at han vore i USA i 32 år
uavbrote fram til 1924. Han har opphalde seg i Minnesota og Oregon og han har vore
statsborgar i USA frå nov. 1897. Fekk statsborgarskap medan han var i Clay,
Minnesota. Adressa hans i 1924 var Portland, Oregon der han var snikkar.
Intensjonen hans var å ta ein tur for å besøke mor si, men han har tenkt å
reise tilbake til USA innan 2 år. Dokumentet er underteikna 20. mars 1924.
Destinguished marks: 1st finger right hand bent. Vitne: Mina P. Anderson, 1950
Hodge St.. Ho har kjent Soren i to år og er ”Housewife”.
Folketeljinga i USA 1920: Soren Anderson, 49 år, hussnikkar frå Norge
er innlosjert saman med ei rekkje andre skandinavar, i Portland, Multnomah,
Oregon. Han hadde immigrert i 1892 og fekk statsborgarskap i 1897 .
EBDigArk: 10.10.1924 reiste Søren Andersson Sæteraas f. 1870, 54 år,
snikkar, fødd i Volda, bustad Oregon, skal til Portland, Oregon, returpassasjer,
reisepass US statsborgar, med canadian Pacific.
Folketeljinga i USA 1930: Soren E. Anderson, 59 år, singel,
bygningsnikkar, innlosjert hos familien til Ola Ostensoe i Portland, Multnomah,
Oregon.
Søren døde i Bergen i 1948 (DS s. 230)
Elling Laurits (3.10.1876-1952), gift med Larsine Rasmine Rasmusd. Frå Frammigarden Vasstein (30.6-1880-?), reiste til Amerika (BSVD s. 235).
Folketeljing i Norge, Herøy 1900: Her finn me Elling A. Sæteraas f.
1875 i Volda, ugift, gardbrukar og
fiskar. Under
busett står det: mt. Tyder på at det er midlertidig. Han bur hos familien til
Laurits Gerhardsen, Nerland, bruk 1. Elling har sikkert leigt seg eit rom under
fisketida.
19.
mai 1903 reiste Elling Sæteraas, 26 år, ugift, arbeidar, med Allan Line til
Dakota. Billett: Her. (EÅ DigArk)
Folketeljing
i Minnesota 1905: Elling Satreaas, 30 år, frå Norge budde i, 4th Street North,
Moorhead Ward 1, Clay, Minnesota.
Folketeljing i USA 1910: Elling Satreaas, 33 år, singel, snikkar budde
i La Moure Ward 3, La Moure North Dakota. Han hadde immigrert i 1893. Han var
snikkar og hadde ikkje vore utan arbeid det siste året.
10. februar 1912 reiste Larsine Vadseth f. 1880, ugift, tenestejente,
frå Volda, med Hvite Stjerne Linje, til N. Dakota USA. Årsak: Reiser for at
gifte seg (EÅ DigArk).
Folketeljing i North Dakota 1915: Elling Sateraas og kona Larsine
Sateraas samt borna Anna H. Sateraas og Hulda G. Sateraas budde i Gladstone, La
Moure, North Dakota. Borna var fødde her.
WWI Registration Card: Elling Sæterås bur i, (R2?)La Moure, registrert
12. sept. 1918. På dette tidspunktet er han farmar og er sin eigen
arbeidsgjevar. Næraste pårørande er Larsine Sateraas.
Folketeljing i North Dakota 1925: Elling Satteraas 48 år, Larsina
Statteraas 44 år, samt borna: Anna 11 år, Hulda 9 år, Rubie 8 år, Margritt 7
år, Oater[Arthur?] 5 år, Herdis 4 år. Familien bur i Gladstone, La Moure, North
Dakota.
Folketeljing i USA 1930: Enning Satreaas 53 år og kona Sersine 49 år,
budde i Gladstone, La Moure, North Dakota. Han var 34 år når dei gifte seg. Ho
var 32. Ergo må dei ha gifta seg kring 1912. Han hadde immigrert i 1903. Ho i
1912. Dei hadde borna: Anna 16 år, Hulda 15 år, Ruby 13 år, Margit 12 år,
Arthur 10 år, Hardis 8 år. Alle borna var fødde i North Dakota. Setreaas driv
ein sjølveigd farm. Det er fleire norske farmarar i området. Spørsmålet er: Har
Elling skifta namn til Enning og Larsine til Sersine? eller er namna feil
nedskrive?
Anders Johannes Sæterås Paulsen (26.12.1901-?), flytte til Nygardsvegen 2, Heltnane (BSVD s. 235). Anders var mange år i Amerika, var gift og hadde familie der d. 24.2.1994. Han flytte til Volda og budde i Nygardsvegen 2 1975-1994(BSV4b).
SKDiVDigArk: Anders Johannes Paulsen Sætre f. 1901. Utflytt 2.3.1926
til Nord Dakota USA.
8. april 1926 reiste Anders Johannes Paulsen Sæteraas, f 1901 Volda,
jordbruksarbeidar til USA. Billett: Nei (EÅ DigArk).
EBDigArk: 7. mai 1926 reiste Anders Johannes Sæteraas, f. 1901, ugift,
gardsarbeidar frå S’teraas, Dalsfjord, Søndmør, til La Moure No. Dak. Med United States Lines. For å søke arbeid.
Skattekort forevist. Nytt yrke: Farmarb. Reisepass Aalesund pkm. Fri for Vpl.
Billett: Nei.
New York Passanger List (A.c): Anders Satreas, 24 år, farmar frå
Dalsfjord (far: Paul Satreas) reiste frå Bremen 12. mai 1926, med kurs mot New
York, framme 23. mai 1926: Han skal til La Moure i North Dakota. Medreisande
var Johannes Sætre, sjå under Knutegarden.
USA, Declaration of Intention: Anders Paulsen Sateraas, 27 år, f. i
Dalsfjord, Volda, ugift, brunt hår og brune auge. Høgd: 5 fot og 10 tomar. Vekt
175 Pounds. Adressse: 547 Hoyt Street, Portland Oregon. Underteikna 18. April 1929.
US Naturalization
Original Documents 1795-1972, Petition for Citizenship,(A.c.),: Anders Paulsen
Sateraas, ugift, sjømann, f. 26. Des, Volda. Adresse: 517 Yesler Way, Seattle,
Wn.. Han har tidlegare erklært sitt ynskje om statborgarskap 18. april, 1929 i
Portland, Oregon. Vitner: Hans
A. Sohol, cannery mechanic og Viola Goodman, Roominghous keeper. Dei har kjent
søkaren sidan 13. April 1931. Anders søker også om å få namnet endra til Andrew
Paulsen. Underteikna 14. april 1936.
Gravlagt i Volda d. 24.2.1994
Grøtholen
Lars Kornelius Britanus (23.9.1881-18.6.1914), var nokre år i Amerika (BSVD s. 237).
Folketeljinga i Norge 1900: Lars Larsen Grøthol, f. 1881 i Volda budde
på Bodøgaard, Bodø Landbrugsskole. Yrke: Kreaturstel. Her var også Torbjørn
Sæteraas f. 1857, fjøsmester og kona Anne Helene Sæteraas, f. 1865, husgjerning
og kreaturstel. Også Martha Løndal f. 1872, yrke: husgjerning. Desse budde i Barstubygningen.
EÅ DigArk: 15. feb. 1906 reiste Lars Larsen Grøthol, f. 1881, ugift,
tømmermann, til Minnesota med Cunard Line. Merknad: Fripas. Billett: Nei.
Sivertgarden, Kvanngardsneset
Ragnvald (28.1.1900-23.2.1984) gift med Magnhild Kristensd. Tonning frå Stryn (25.3.1906-8.1 1995, reiste til Amerika, busett Everett (BSVD s. 242)
12. mai 1923 reiste Ragnvald Sivertsen Kvangarsnes, f. 1900, ugift,
fiskar frå Volda, til Canada. Medreisande frå Volda: Elias Paulsen Ulvestad (EÅ
DigArk)
Border crossings from Canada to US, A.c: Ragnvald S. Kvangarsnes, ugift
sjømann, 23 år og 3 mnd., drog frå Southampton 1. juni 1923 med SS ”Ausonia”,
framme i Quebec 9. juni 1923. Reisemål:
Tacoma, Washington. Medreisande: Elias P. Ulvestad.
USA Petition for naturalization, A.c: Ragnvald Sivertson Kvangarsnes,
f. 28.1.1900, snikkar, busett i 1416 South Pine Street, Tacoma, Washington. Han
kryssa grensa til USA i Sumas, Washington (Blaine) 15. juni 1923. Frå Quebec
med Can. Pac. and G. N. Ry (?). Han er gift og kona sitt namn er Magnhild f.
23. mars, 1906 i Stryn. Ho bur no saman med Ragnvald i Tacoma. Dei har fått
dottera Myrtle Ruby f. 24. mai 1927 i Tacoma. Ragnvald har vore samanhengande i
USA sidan han kom hit. Han vil skifte namn til Roy Kvangnes. Underteikna 5.
juni 1929. Vitner: S. P. Ulvestad, laborer, 3572 E Spokane St, Tacoma, Wn., og
John M. Arntson, lawyer 2101 So. K. St, Tacoma, Wash.
Folketeljinga i USA 1930: Roy Kvangar, 30 år, snikkar og kona Magnhild
Kvangar 24 år og dottera Myrtle R. Kvangar var busett i Mc Albugal(?) Avenue, Everet, Snohomish,
Washington. Dei leiger husværet. Her budde også Roy sine svogerar Lars Tonning,
21 år, utv. 1924, fiskar og Klemet Tonning, 31 år, utv. 1923, ”cannery man”. Roy har fått statsborgarskap.
Social Security
Death Index: Roy Kvangnes f. 28. Jan 1900, d. feb. 1984. Siste adresse var
98201 Everett, Snohomish, Washington.
Roy Kvangnes d.
23. feb 1984, 84 år, i Everett (Washington Death Index, A.c.).
Myrtle R. Kvangnes,
f. ca 1927, d. 31. des. 1986, 59 år, d. i Everett (Wash. Death Index, A.c.)
US Public Record
Index (A.c.): R. [Richard] K. Kvangnes f. 1953, busett I Marysville.
US Phone and
Adress Directories, A.c.: Mrs Roy Kvangnes, busett i Maryville i 1995.
Jenny (26.4.1903-3.4.1994), gift med Ole Hetland frå Hjelmeland (5.8.1886-4.11.1951), reiste til Amerika, busett Chilliwack, BC, Canada.
Jenny Hetland, 27
år og mannen Ole Hetland, 43 år, farmar, reiste frå Oslo 13. Juni 1930, med
Stavangerfjord, framme i Halifax 22. juni 1930. Dei skal til ein ven av Ole,
Alfred C. Knudsen i Coronach, Sask. Ole har vore i Canada tidlegare frå
1911-1928, Coronach, Saskat..Han har pass utskrive i Ottawa 22. nov, 1923.
Nedskrive av Per Ole Reite