Canada var eit viktig utreisemål for dalsfjordingane. Brødrene Alf og Sverre Reite frå Ellingegarden på Dravlaus-Lisjebøen drog til Canada i 1949. Det var fleire frå Lisjebøen som hadde utvandra hit dei siste femti åra. Ein av dei var deira eigen far, Peder Reite, som hadde pendla over havet fleire gonger. Sist han drog bort var i 1948. Han hadde kjøpt ein liten eigendom ved Port Albion på Vancouver Island som han kalla” farmen ved Laken”. Alf og Sverre hadde slik eit kontaktpunkt for vidare utfolding i sitt nye heimland. Sjølv om Alf flytte tilbake til Noreg og busette seg i Ulsteinvik så hadde han størsteparten av sitt yrkesaktive liv i Amerika. Sverre vart verande i Canada og busette seg i Vancouver der han stifta familie. Bildet av Alf og Sverre nedanfor er teke i Vancouver
Til Canada
Frå Dravlausbygda Posted on Sun, March 31, 2013 11:10:24- Comments(0) https://www.voldautvandring.com/?p=14