UTVANDRA FRÅ INNSELSETBYGDA
Johangarden, Aksneset
Samund Olai [Johans.](21.7.1890-1.12.1976) reiste til Amerika, gift med Berit Jonson (12.12.1890-5.7.1974) busett Chauvin, Alb., Canada (BSVD s. 373).
EÅDigArk: 23. april 1910 reiste Sæmund Olai J. Aksnæs, f. 1890, ugift, fiskar frå Volda, med Canadian til Canada. Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande Sivert Martin A. Eidseth til Canada, Elias Andreas J. Hesteflot til Canada, Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Knut Johan Olai P. Ulvestad til Minnesota.
Folketeljinga Noreg 1910: Driver jernbanearbeide står det i folketeljinga. F for flyttta
Ola Johanss. Aksnes (10.10.1898-8.10.1979), var ei tid i Amerika. Kom attende. Gift og busett på Aksneset (BSVD s. 373).
23. februar 1924 reiste Ola Johansen Aksnes, f. 1898, ugift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett: Nei. Medreisande: Lars Andreas Olsen Drabløs, Peder Nikolai Rasmussen Drabløs, Daniel Rasmussen Fløtre.
Øygarden – Aksnessætra – Hatlen
Jørgen Nikolai [Larsson Aksnessæter] (9.5.1864-1938) reiste til Amerika (BSVD s. 379).
Han budde på Aksnessæter under folketeljinga 1875, hjælper faderen.
Sigurd Kristoffer Rasmuss. Fløtre (22.10.1888-18.10.1969), gift og busett her (BSVD s. 381)
EÅ DigArk: 29.4.1909 reiste Sigurd Kristoffer R. Flatre (Aksnessæter), f. 1888, ugift, steinarbeidar med Hvide til Nebraska USA. Rodesetel. Billett: penge. Same dato reiste: Erik Andreas Andersen Rongsæter f. 1882 med Cunard til Canada.
Folketeljinga Norge 1910: F for flytta. Jernbanearbeider står det i folketeljinga.
Samtale med Johannes Fløtre: Sigurd var heime omkring 1920 og bygde hus.
Declaration of Passangers to Canada 1924: Sigurd Fløtre, 35 år, gift, farmar, dreg til Canada for å søkje arbeid innan farming. Han har intensjonar om å vere i Canada permanent. Han har vore i Canada tidlegare frå 1913-1917 i Vancouver. Han forlet Canada for å dra heiom på besøk. Han har betalt reisa sjølv. Han skal til K.K. Bjerknes, Cambie Str., Vancouver. Næraste pårørande i Norge: Kona Brita Fløtre, Volda. Underteikna Sigurd fløtre og Harald Moa (booking agent) i Ålesund. Han reiste med SS ”Cedric” 1. mars 1924.
UK Incoming Passangers: Sigurd Fløtre, 37 år, farmar, kom frå Canada Saint John N.B med ”Montcalm” til Liverpool 27.3.1926, i transit til Ålesund. [Han fekk sonen Ola 9 mnd. seinare]
Karen [Rasmusd.] Fløtre (26.6.1892-6.4.1974) reiste til Amerika, gift med Hans Larson (d. 1935)frå Danmark. Busett Wyoming (BSVD s.381).
EÅDigArk: 8.11.1909 reiste Karen Rasmusd. Aksnæssæther, f. 1892 , tjent., frå Volda med Hvide til Nebraska. Billett: Penge.
Folketeljing i USA 1920: Karen Larsen, 27 år og mannen Hans Larsen, 29 år var busett i East Section #33, South Range 13 Township 8, Park, Montana (5.feb. 1920). Han er fødd i New Jersey av danske foreldre. Dei leiger husvære her. Ho kom til USA 1900. Han driv eige firma (own acount). Vanskeleg å tyde yrket. Kan det vere ”trapping marter” pelsdyrjeger/ fanging av mår. Ikkje heilt sikker om dette er Karen Rasmusd. Fløtre.
Det ser ut for at der ikkje er folketeljing for Wyoming på Ancestry.com.
Maren Lovise Fløtre (1.2.1900-19.3.1990) gift 29.11.1923 med Peder johannes Jakobss. Velsvik frå Monsgarden, Innselset. Dei reiste til Amerika, busett Tacoma WA (BSVD s.381).
30. november 1923 reiste Marie Velsvik, f. 1900, fiskar [som sin mann], reiste saman med sin mann Per Johannes Jakobsen Velsvik [frå Monsgarden, innselset], fiskar til USA. Billett: Nei
SKDiVDigArk: Marie Lovise Rasmusd. Fløtre og Per Johannes Jakobsen Velsvik, fiskar f. 1900. Utflytt til USA 3.11.1923.
NYPL 1923: Marie Velsvick, 23 år, husmor, frå Volda, reiste med SS ”Majestic” frå Southampton 5. des. 1923, framme i New York 11. des. 1923. Ho reiser saman med mannen Per Velsvick [frå Monsgarden Innselset]. Næraste pårørande i Norge er faren hans, Jakob Velsvick. Dei begge skal til systera hennar , Karen Larsen i Yellowstone, Wyoming. Per har vore på sjukehus, men det er vankeleg å tyde kva det gjeld. Kan det vere noko med ei lunge?
NYPL 1955: Marie L. Velsvick og mannen hennar reiste med SS ”Oslofjord” frå Oslo 23. juli, framme i New York 1. aug 1955. Dei har vel vore i Norge på besøk.
US Public Record Index AC: Marie Velsvick, adresse: 3709 Sheridan Ave., Tacoma, WA 98418-3914.
SSDI: Marie Velsvick f. 1. feb. 1900, døde 19. mar 1990. Siste opphaldstad: Tacoma, Pierce, Washington, USA.
Samtale med Johannes og Rasmus Fløtre april 2012: Per Velsvik var snikkar/bygningsmann i Tacoma. Rasmus, Odd og mora besøkte Per Velsvik i 1982 i Tacoma.
Daniel Torvald Fløtre (25.10.1904-1940), reiste til Amerika, lærar (BSVD s.381).
23. februar 1924 reiste Daniel Torvald Rasmussen Fløtre, f. 1904, ugift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett: Nei (EÅ DigArk). Medreisande: Sjå under Ola Johansen Aksnes.
Declaration of Passangers to Canada: Daniel Fløtre, 19 år, ugift, gardsarbeidar dro med SS “Cedric” 1. mars 1923. Han kom fram til Halifax, Nova Scotia. Han skal til K. R. [?] Bjerknes, 1601 Cambie Street, Vancouver B.C. Daniel har tenkt å busette seg pemanent i Canada. Han har betalt reisa sjølv. Næraste pårørande i Norge: Faren Rasmus Fløtre. Papir underteikna av Harald Moa, Ålesund.
NYPL 1927: Daniel Thorvald Rasmussen Fløtre, 22 år gardsarbeidar, ugift, frå Volda, reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Bergen 26. februar 1927, framme i New York 7. mars 1927. Han skal til Yellowstone Park, Wyoming for å besøke systera, Carrie Larson. Han har betalt reisa sjølv og har intensjonar å busette seg i Amerika for alltid. Han har visa nr. Q 6096, utstedt US Consulate, Vancouver B.C. 13 nov 1927 [?]. Siste permanente adresse: Vancouver BC, Canada. Han har 25 $. Han er 5 fot, 5 tomar høg og har brunt hår og brune auge. Næraste pårørande i Norge: Faren, Rasmus Fløtre, Innselset, Sunnmøre.
Border Crossings from USA to Canada, Pacific Highway 8. des 1927: Daniel Flotre, 23 år, ugift frå Volda. Han har vore i Canada tidlegare frå 1923-1926.
Folketeljinga USA 1930, reg 7. april 1930: Daniel Flotrie, 25 år, ugift, frå Norge, busett (leigebuar hos John Hodge, frå England) i District 25, Wallace, Shoeshone, Idaho. Daniel er gruvearbeidar i ei blygruve. Det er veldig få andre nordmenn her.
Samtale med Johannes og Rasmus Fløtre: Daniel hadde byrja på lærarskule her i Norge, men han slutta og reiste til Amerika. Han vart gift, men fekk ikkje born. Daniel var involvert i ei gullgruve. Var muligens sjef/disponent/ direktør. Det vart sagt at han hadde eige fly, muligens i Tacoma. Det vert sagt at han hadde med seg gullstøv heim til Norge ein gong (då han var i bryllaupet til faren til Johs og Rass (1925). Daniel døde visst av gullstøvforgifting/silikose.
Monsgarden, Innselset
Peder Elias (5.5.1873-29.8.1896) [Oleson, Innselset], reiste til Sør-Afrika, omkom i ein sump ved Johannesburg.
Peder Johannes [Jakobsen] Velsvik (25.2.1900-18.6.1999) gift 29.11.1923 med Marie Lovise Rasmusd. Fløtre frå Øygarden (Aksnessætra), reiste til Amerika, busett Tacoma (BSVD s. 386).
SKDiVDigArk: Per Johannes Jakobsen Velsvik og Marie Rasmusdtr. Fløtre f. 1900. Utflytt 3.11.1923
Sjå opplysingar under kona Marie frå Øygarden.
US Phone and Address Directories 1993-2002: Peter Velsvick budde i 3709 S Sheridan Ave, Tacoma Washington 1993-1997
US Public Record Index Vol 2: Han har også budd I 3820 S J St, Tacoma
SSDI: Han døde 18. Juni 1999 i Tacoma, Pierce, Washington, USA.
Samtale med Johannes Fløtre: Per og Marie hadde døtrene Esther og Ruth.