229 personar er funne utvandra frå Dalsfjorden. Dette er i tidsromet ca 1880 – 1956. 79 av desse personane er funne som heimreiste for godt. Det vil sei at omlag 35 % kom heim. Sjølv om talet på heimvende er høgt i forhold til landsgjennomsnittet så var det likevel så mange som 150 personar som fann seg eit nytt heimland for godt. Eit tal som faktisk kunne fylle ei lita bygd.
For dei ulike bygdelaga fordeler utvandringa seg slik:
Frå Velsvvika 24 utvandra, 8 heimvende.
Frå Ulvestadbygda 64 utvandra, 17 heimvende
Frå Dravlausbygda 68 utvandra , 28 heimvende
Frå Innselsetbygda 9 utvandra, 2 heimvende
Frå Indre Dalsfjord 19 utvandra, 5 heimvende
Frå Dalsbygda 45 utvandra, 19 heimvende
Sjå meir unformasjon i artiklane nedanfor