Utvandra frå Ulvestadbygda (Telset, Stigen, Torvika, Ulvestad, Haugen, Espenakken, Lauvstad, Nakken, Løndalen, Sætre, Sætreåsen, Kvanngardsneset).
Olagarden, Telset
Ole Elias Laurits Jakobss. Telset (15.8.1883-30.12.1958).Ole var i Amerika ei tid (BSVD s.84 og 95). Busett på Telset.
19. jan. 1924 reiste Ole Elias Lauritz Jakobsen Tilset, gift gardbrukar med reisemål Canada. Billett: Nei. Medreisande Nils Martinus Larsen Sæthre, Jakob Torvald Lauritsen Drabløs, Rasmus Pettersen Løvig.(EÅ DigArk).
26. jan var Ole Tilset passasjer om bord i SS Doric på veg til Canada. Intensjonen var å skaffe seg arbeid. (Declaration of passanger to Canada (Ancestry)).
Ole Telsat, 43 år, kryssa grensa frå Canada til USA 18. des. 1925 ved Niagara Falls.
Det står i BSVD s. 84 at Ole reiste til brørne Klaus og Einar, men det var vel heller dei som reiste til han (sjå nedanfor).
Klaus Johannes (25.10.1896- d. etter 1982), reiste til Amerika, busett Prince Rupert, BC, Canada (BSVD s.95)
22. mai 1925, reiste Klaus Johannes Jakobsen Tilset, ugift, trearbeider med reisemål Canada. Billett: Prepaid (EÅ DigArk)
Klaus J J Telseth, gardsarbeidar, står på lista over passasjerar med SS Stavangerfjord som drog frå Oslo 23. mai 1925. Framme i Halifax, Nova Scotia 31. mai 1925. Han har ikkje vore i Canada tidlegare. Han skulle då besøke broren Ole Telseth som var i Alice Arm B.C..
B.C.DeathIndex: Klaus Johannes J. Telseth d. 12.5.1982 I Prince Rupert.
Einar Kornelius (12.8.1900- d. etter 1982), busett Prince Rupert, BC, Canada (BSVD s. 95)
11. mai 1929 reiste Einar Kornelius Jakobsen Tilset, f.1900, ugift, sjømann med reisemål Canada. Billett: Penge (EÅ DigArk)
Einar K.J. Telseth, gardsarbeidar, står på lista over passasjerar med SS Stavangerfjord som drog frå Bergen 17. mai 1929. Framme i Halifax 25 mai 1929. Han skal besøke broren Klaus i Anyox (?) B.C.
B.C.DeathIndex: Einar Telseth f. 1900 d. 23.12.1980 New Westminister
Stigen
Ole Stigen g. Vinjevold (1847-ca.1932). Han var son til Anders Jonss. Frå Jogarden, Nes og Mette Larsd. Frå Vindåsen, Langvatn. Familien var tidlegare busett på Haugen, Hjartåsen. Kom til Stigen i 1852. Då var Ole fem år.(BSVD s. 117)
Ole vart gift 1874 med Oline Marta Vinjevold (1840-1919). Ho var enkje på Vinjevollen i Ørsta. Dei dreiv Olagarden på Vinjevollen til 1882. Oline hadde 2 born frå fyrste ekteskap: Peder og Oluffa. Ole tok etternamnet Vinjevold. Han var bror til Martinus Stigen (sjå nedanfor)Ole og Oline Vinjevold fekk borna: Anna(Annie), Olaf, (Marte) Josefine, Andreas (Andrew), Alfred (sannsynlegvis fødd i Sør-Afrika, tok etternamnet Anderson)
Familien drog til Marburg, Port Shepstone, Kwa-Zulu Natal, Sør-Afrika i 1882 (S-A s. 116).
Martinus Stigen (1850-ca.1883). I ministerialbok for Volda, under utflytte 1882 til Natal, står han oppført som Martinus Anderson Hjorthaugaas. Martinus var bror til Ole sjå ovanfor. Martinus kom også til Marburg, Sør-Afrika 1882, men døde etter eit års opphald. Han er gravlagd på kyrkjegarden ved Norwegian Settlers Church.
Torsheim, Torvika
Sigurd Bernhard Hanss. Velsvik (28.1.1907-13.6.1979), busett Torsheim, Torvika (BSVD s110 og 116).
Drog til Shetland under 2. verdskrig 29.mai 1940. Vidare til Durban Sør-Afrika. Kom seinare inn i US Army Forces Western Pacific. Her var han skipssjef på fleire fartøy (MfD 2007 s. 87-89).
Ola Ingvald H. Velsvik (18.3.1917-….) busett Prestebrauta 1, Øyra, Volda (BSVD s. 110).
Saman med broren Sigurd (sjå ovanfor) rømde han til Shetland. Drog til Durban med S/S ”Sambur” 10.4.1941. Vidare frå Cape Town 13.8.1941, til New York 19.5.1942 som messegut om bord i SS ”Nidareid”. Han fekk seg arbeid på ein verkstad i Brooklyn som vart drive av norskamerikanaren Golten. Heim til Norge 1947. Ola Velsvik bygde seg hus med verkstad i Volda sentrum (MfD s.79-82 og NYPL 1820-1957 Ancestry.com).
Sivertgarden, Torvika
(Hans) Martinus (15.3.1843-?) gift med Jørgine Severine Andersd. (14.4.1843-?) frå Pergarden, Sætre. Dei var ei tid busett på Takset i Syvde. Reiste til Amerika, busett Stoughton WI. Martinus var underoffiser (BSVD s. 113).
Folketeljinga for Bergen 1865: Hans Martinus A. Thorvig 23 år, ugift, frå Voldens Prestegjæld. Han var elev ved underofficierskolen (DigArk).
Hans Martinus og Jørgine Severine gifte seg i Bergen 19.juli, 1867.
Folketeljinga for Bergen 1875: Hans Martinus Thorvig var Garnisonerende Sergeant. Han budde saman med kona Jørgine Severine f. Sætre og dottera Anna Lovise f. 1868 i Bergen (DigArk).
20.4.1880 drog Hans MA Thorvik, 37 år og kona Georgine Andersd. Thorvik 37 år og dottera Anna Thorvik, 11 år, fødd i Bergen. Dei er oppførte med bustad Bergen og reiste med Stjerne Linie (Emigranter frå Bergen 1874-1930 DigArk)
Thorwick H.M.A. (sargeant) frå Volden, Søndmøre; udv. til Amerika sidste Gang omkr. 1886; Vognsnedker, Stoughton Wis.; Ogsaa bidragsyter til norsk-amerikanske Blade (MUNiA).
7.5.1886 reiste H.M.A Thorvig (42 ¾ år, Georgine Thorvig (kona, 42 ¾ år) og Anne Louise Thorvig (barn, 17 år) med Dominion Line ( Dig Ark: Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal). Her står dei oppførte med fødestad Sunelven, men det er sannsynlegvis feil). Medreisande var også Peder Andreas Ulvestad som tok etternamnet Thorvig (H.M.A. Thorvig sin brorson, sjå under Krikane).
USNatRecInd:Hans. M. A. Thorwick fekk statsborgarskap i USA 15. okt. 1896. Mun. Ct. Madison, Dane (Co., Wis.) Vitner: A.T. Torgeson, P.O Fosdahl.
Under folketeljinga 1910 budde han og kona i Stoughton Ward 4, Dane, Wisconsin.(Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for Wisconsin 1905 budde Hans M. Thorwick (62 år)og kona Georgine Thorwick (62 år) i Stoughton, Dane, Wisconsin.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Hans M. Thorwick (67 år) og kona Georgine (67 år) i N. Monroe Street, Stoughton, Dane, WI. Dei hadde 1 barn som framleis skulle vere i live. Dei immigrerte i 1880. Hans har eiga inntekt. Dei har vore gifte i 40 år.
H.M. Thorwick døde sannsynlegvis i 1918. Eit brev frå Anders Ulvestad frå Krikane tyder på dette.
Under folketeljinga i USA i 1920 har Georgine vorte enke. Ho budde då saman med dottera Anna L. Thorwick. (A.c.) Sjå også under Pergarden, Sætre.
Anders Martinus Thorwick (10.10.1875-kring 1958) gift med Ragnhild Margrete Johnsen frå Ørsta (1869-1931). Til Amerika 1913. Busett Seattle WA. Anders var fiskeskipper. (BSVD s.113)
12. mars 1910 reiste Anders Martinus S. Torvik, gift, skipper, heimstad Ørsten, til Wash. USA, med Hvide linje. Merknad: Fripas. Billett: Nei. Ei rekkje andre dalsfjordingar og voldingar er registrerte med same reisedato. M.a: Sivert R. Reite, Samund Lyngnæs, Ingvald O. Drabløs, Hans E. Lyngnæs, Knut Sigvald Drabløs Lillebø(EÅ 1878-1930 DigArk).
I fylgje folketeljing for USA 1920 budde Andrew M. Thorwick 44 år, utv. 1910 og kona Ragnhild 49 år, utv .1914, og dottera Astrid 12 år, utv. 1914, i Bruce St, Seattle, WA. Andrew var kaptein på kvalbåt. Både Andrew og Ragnhild fekk statsborgarskap i USA i 1916. I nabolaget (Dawson St.) budde også Enoch Ulvestad med familie (Ancestry.com).
USA Declaration of Intention, A.c., underteikna 8. Mai 1911: Anders Martinus Torvik, 35 år, 5 fot og 2 tomar høg, brunt hår og brune auge, f. i Wolden 10. oktober 1875. No busett 5014 W. Dawson, Seattle, Wash. Han emigrerte til USA frå Stavanger med ”Wiga”. Siste adresse i Norge var Ørstenvik. Han kom til New York om lag 27. mars 1910.
USA Declaration of Intention, A.c, underteikna 13. Januar 1916: Anders Martinus Torvik, 4935 Bruce Street, Seattle, Wash., fiskar. Han emigrerte frå Liverpool 19. Mars 1910, til New York 28. Mars 1910 med “Laurentic”. Kona Ragnhild Torvik frå Ørstenvik bur no hos han. Dei har dottera Astrid f. 14. mars 1908 i Ørsta. Han har vore i USA sidan han kom hit i 1910. Han vil skifte namn til Andrew Martinus Thorvick. Vitner E. B. Larsen og Sam P Oien.
Andrew Torwick døde 11 okt 1972 i Seattle (Wash. Death Index, Ancestry.com). Kan dette vere vår mann?
Krikane, Ulvestad
Anders Britanus Pedersen Ulvestad (10.7.1864-?) reiste til Amerika, busett Milwaukee WI, skipsførar (BVD s. 121), (Martin Ulvestad, Sammenstilling…). Anders var halvsøsken til dei fem brørne nedanfor.
Pedersen Andrew B. Udv. frå Ulvestad, Volden, Søndmøre, omkr. 1880; skipsfører med hjem i Milwaukee, Wis. (MUNiA).
USNATIND: Andres B. Pedersen, f. 1864, frå Norge, adresse Milwaukee, naturalization 3.3.1891. Han kom til Philadelphia april 1885. Vitne Charl Jund og H. H. Hovland.
Folketeljinga 1900: Andrew Peterson, f. juli 1864, sjømann, gift med Rika 27 år, f. nov. 1872. Dei har vore gifte i 10 år. Sonen Edward f. nov. 1895. Dei har fått 3 born, 1 i live. Andrew kom til USA 1889, 10 år i USA. Dei leige husværet her i National Avenue, Milwaukee, Wisconsin.
Notat av Lars Ulvestad: Rikka Skare [var gift med Anders]
Folketeljing 1910: Andrew B. Peterson, 45 år, Lake Captain, Ship. Gift i 20 år med Ricka E. 37 år frå Norge 1889. Andrew til USA 1895. Dei har ein son Edward R., 14 år. Dei bur i Fourth Avenue, Milwukee, Wisconsin.
Folketeljing 1920: Andrew B. Peterson, 56 år, enkemann, sjømann på kolbåt (Sailor Coal Boat), kom til USA 1884, statsborgar 1891. Sonen Edward R. Peterson 24 år og kona Louise bur også her i Fourth Avenue, Milwaukee (byen), Wisconsin. Edward er taxisjåfør, eige firma (OA). Andrew eig husværet her.
Folketeljing 1930: Ein Andrew Peterson 65 år, enkemann, ”roomer”, ”carpenter contractor” bur i Milwaukee, Wisconsin.
Brev frå A.B. Petersen til Lars E. Ulvestad 1918: Original hos Oddvar Ulvestad, kopi hos meg.
Peder Andreas Ulvestad (4.6.1866-?) gift med Kristianne Skare og busett i Ålesund (BSVD s. 121).
7.5.1886 reiste Peder Aa Thorvig (Ulvestad), f. 1867, alder: 19 3
[stemmer ikkje heilt]
, ugift, gardbrukar, frå Volda med Dominion Line (DigArk EB M&R).
SK DigArk VoldaM: Våren 1885 reiste Ungkl, tjener Peder Andreas Andersen Ulvestad til Amerika.
Han tok namnet Peter A. Thorwick og var byrådsmedlem i Milwaukee, WI. (MU Sammenstilling av norske Sambygdinger i Amerika).
I fylgje folketeljinga 1910 budde Peter A. Thorwick 44 år, utv. 1886, kona Christina 41 år, utv. 1888, dottera Pearl 11 år og sonen William 19 år i Fourth Avenue, Milwaukee City, WI. Peter var maskinist. (Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 1920 budde dei i 67. Ave., West Allis City, Milwaukee, WI. Peter og Christina fekk statsborgarskap i 1892. William hadde same yrke som faren. Pearl var stenograf.(Ancestry.com)
I folketeljinga 1930 budde dei også i 67. Ave. Men då var ikkje Pearl registrert her. Både far og son var tilsett i ein maskin butikk (Ancestry.com).
Arne Elias Ulvestad (11.1.1870 -28.12.1896) reiste til Amerika (s. 121 BSVD).
22.3.1888 reiste Arne Elias Andersen Ulvestad, f. 1870, 18 år, ugift, gaardmannsøn (Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal, DigArk).
Notat Lars Ulvestad: Kom heimatt frå Amerika og døde av tuberkulose
Paul Matias Ulvestad (18.3.1872-14.3.1893) reiste til Amerika (s. 121 BSVD).
26. mars 1891 reiste Paul Andersen Ulvestad, ugift, fisker, med Dominion Linie til Wisconsin. Billett: prepaid . Han reiste saman med broren Enok (EÅ 1878-1930 DigArk).
Notat Lars Ulvestad: Kom heimatt frå Amerika og døde av tuberkulose.
Enok Olai Ulvestad (19.2.1874-?) reiste til Amerika, gift med Hanna Zee, busett Seattle WA, mekanikar og sjømann (BSVD s.121)
26. mars 1891 reiste Enok Andersen Ulvestad, 17 år, ugift, fiskar, med Dominion Line til Wisconsin. Billett: prepaid. Han reiste saman med broren Paul (EÅ 1878-1930).
Enok A. Ulvestad var elektrikar i Seattle. Han var også embetsmann i ”Leif Erikson”, Sønner av Norge (MUNiA).
I fylgje 1900-telling for Kristiania budde Enok, kona Hanna (frå Bergen f. 1872) og dottera Astrid f. 1898 i Grændsegate 5, 7, Kristiania. Han var då ”vaktmester ved forretningsgård”. (DigArk).
I fylgje emigrantar over Bergen frå Austlandet reiste Astrid Enoksen Ulvestad 4 år, f. Christiania, heimstad Bergen, 7.8.1902 med Dominion Line pp (prepaid). Avgift: Ja (DigArk).
USCityDirMinn 1903:Enoch A. Ulvestad elec r2507, Riverside av. Martin Ulvestad, journalist bur har adr 2601 s 6th. Ei Amelia Ulvestad er også busett i Minneapolis.
I fylgje folketeljing for USA 1910 budde Enoch Ulvestad, utv. 1891, 35 år, elektrikar og kona Josephine 35 år med dottera Evelyn 5 ½ år i Dawson St., Seattle Ward 14, King, Washington (Ancestry.com).
I fylgje folketeljing 1920 budde Enoch Ulvestad, utv. 1900, elektrikar på skipsverft, og kona Josephine utv. 1887 saman med borna Evelyn E. 10 år, Randall E. 8 år, Astrid E. 6 år, Thorleif P. 4 ½ år i West Dawson St.(?). I Nabolaget (Bruce St.) budde også Andrew M. Thorwick med famillie. Sjå under Sivertgarden, Torvika (Ancestry.com)
I fylgje USA folketeljing 1930, budde Enoch Ulvestad, elektrikar, 56 år, kona Josephine 55 år og borna Evelyn 20 år, Astrid 16 år, Randal 18 år ogThorleif 15 år, i Seattle. Enok var 25 år fyrste gong han gifte seg, Josephine 34 år. Ergo kan dei ha gifta seg i 1909 (Ancestry.Com)
Enoch A Ulvestad 74 år døde i Seattle 27. mai 1948. (Wash. Death Index Ancestry.com)
Thorleif P. Ulvestad, f. 22.3.1915, d. 13.nov 2008, i Seattle WA. (Social Security Death Index, Ancestry.com). Han var sannsynlegvis jurist I Hutchinson & Ulvestad.
Randall E. Ulvestad f. 27. Juni 1911 d. 30. sep 2001 i Seattle (Social Security Death Index, Ancewstry.com).
Intervju med Oddvar Ulvestad: Enok var trikkeførar i Bergen. Han vann ein pris for ei oppfinning han hadde gjort for eit telefonkompani I Amerika. O.U. meiner å ha sett dette i Sunnmørsposten. O.U. har høyrt at Enok var ein “blåsar”. Han kunne til dømes ta seg for bringa og spele at han fekk eit anfall. Når folk kom springand til så tok han til å le.
Ole Johannes A. Ulvestad (14.9.1879-?) reiste til Amerika, busett Seattle WA, mekanikar og sjømann (BSVD s. 121).
Ole A. Ulvestad utvandra som sjømann om lag 1895, mekanikar i Seattle (MUNiA).
Under folketeljinga i Kristiania 1900 budde Ole Ulvestad f. 1879 i Grændsegate 5, 7.
Ole Johanes Ulvestad f. 14.9.1879, kom til USA 20. mai 1901. Han fekk statborgarskap 10. mai 1909. Adresse. 349 National Ave., Milwaukee, Wisconsin. Peter Thorwick (broren) var vitne. (U.S Naturalization Record Index, Ancestry.com).
Fleire brev på Krikane skrive og sendt frå Amerika av Ole Ulvestad. Desse er i Oddvar Ulvestad sitt eige. Ole kalla seg John Thorwick.
Arthur Ulvestad (16.12.1897-15.11.1929), reiste til Amerika (BSVD s. 121).
25. mars 1925 reiste Arthur Nicolaj Ulvestad ugift, kontorchef kontormand, med Cunard Line. Reisemål: Milwaukee, Wisc.. Årsak: At søke beskj.. [eftigelse?]Billett: Ja. Pass: Reisepass Ålesund pkm. Fri for Vpl. (Emigrantar frå Bergen 1874-1930 DigArk).
Arthur Ulvestad 27 år, kontormann drog frå Southampton 25. mars 1925 med SS ”Aquitania”. Framme i New York 3. april 1925 (New York Pass. List, Ancestry.com).
Lars Ulvestad si notatbok; Jo-ætti og Sammelætti: Arthur var ei tid på fylkeskontoret i Molde. Ei tid styrde han Mørekontoret i Ålesund til livstrygdelaget Andvake. I 1927 for han til Amerika og sist på kontoret hjå Ellis-Chalmers maskinfabrikk i Milwaukee. I 1929 døde han av tuberkulose.
Sammelgarden, Ulvestad
Ole Johannes Martinus (Martin) Ulvestad (24.12.1865-19.1.1942), reiste til Amerika, busett Ulvestad OR og Minneapolis MN (BSVD s. 125 og s. 84).
Han fekk statsborgarskap i USA 8. mars 1895 (Ancestry.com)
Han utvandra 1888 og tok namnet Martin Ulvestad. I USA skreiv han fleire bøker (MUNiA). Martin Ulvestad døde i Seattle. Han var bror til Peder Ulvestad, som også utvandra.
Minnesota Marriage Index: Martin Ulvestad vart gift med Gertrude Robertson 24.3.1894 i Minneapolis, Hennepin, Minnesota.
ETrh. DigArk: 05.07.1895 reiste Martin Ulvestad 29 år, gift, bokhandlar, bustad Minneapolis i Amerika med Scandia via Xansand. Billett betalt i Amerika. Kona Gjertrude Ulvestad 34 år, bokhandlar var medreisande
Minneapolis City Directory 1895-96: Martin Ulvestad, printer, r 2507 Riverside av. Peter Ulvestad carp Milwaukee Ry, b 2507 Riverside. På same sida I denne katalogen er det nemnt eit månadsblad som heiter Ungdommens Ven, Haugen pres. KC Holter treas and sec 410 Cedar av.
Folketeljing Minnesota 1895: Martin Ulvestad 27 [?]år, printer. Han har vore 7 år i denne staten. Her bur også Betsy Ulvestad 27 år og Peter Ulvestad 20 år og Charles Setter 20 år alle frå Norge. Dei to siste med yrke som ”car repairer”. Dei bur i Riverside, Minneapolis, Hennepin Minnesota.
Boston Pass. And Crew list: Martin Ulvestad, 36 år, gift, reporter, amerikansk statsborgar, reiste med SS “New England” frå Liverpool 14.8.1902, framme i Boston aug 1902. Siste bustad: Bergen.
Martin Ulvestad er registrert i Minneapolis City Dir: 1899 under publishers i 2501Riverrside Ave. 1900 pub 2601 6th r same, då bur ogspå Sivert Ulvestad her i lab rms 437 14th av s. .
1903: Martin Ulvestad journalist i 2601 s 6th
1908: Martin Ulvestad pub r 2601 S 6th. I mInneapolis bur også 2 andre med Ulvestad etternamn: Lars rms 425 Cedar ave og Peter weigher The Albert Dickinson Company.
1913 Tacoma: Ulvestad Martin (Hannah) h 2124 S Ainsworth Av. Sivert P Ulvestad (Carrie S ) inspr N P Ry h 3564 E Spokane.
Folketeljing USA 1910: Martin Ulvestad 44 år, gift 2 med Hanna Ulvestad 29 år. Dei har vore gifte i 9 år. Han kom til USA 1888. Ho i 1881. Dei har borna Solveig 6 år f. i Minnesota, Prudence 4 år f. i Oregon, Elsa 1 år f. Minnesota, Arnold 13 år f. Minnesota. Martin har yrke: Literary Publishing. Dei bur i Sixth Street, 6th Precinct, Minneapolis, Hennepin, Minnesota. Det er fleire norskar, svenskar og danskar i området.
US passport application 1919: Martin Ulvestad svergar at han var fødd i Aalesund 24. desember 1865, at faren var Peder Olsen Ulvestad, fødd i Norge og no død. Martin Ulvestad emigrerte til USA sommaren 1888 og har budd 31 år uavbrote her til denne dato i Minneapolis, Minnesota og Seattle Washington det meste av tida. Han fekk statsborgarskap i Hennepin county, Minneapolis, Minnesota 8. mars 1895. Han bur no i Seattle og har yrke som redaktør og utgjevar. Han vil no utanlands for å besøke sjuk syster. Han vil vere borte i seks månader. Han vil dra frå New York, så snart passet er ordna. Underteikna 2. juli 1919, Minneapolis Minnesota. Beskriving av passøkjar: 53 år, 5 fot, 6 tomar høg eng. Forehead: Broad Round, brune auge, kurva nase, medium munn. Mørkt brunt hår, Complexion: Sallow [gulbleik, gusten], Face: oval. Spesielle kjenneteikn: glasses [briller]. Vitne: E. A. McAfee, Minneapolis, Minn. Har kjent Martin Ulvestad i over 15 år. Underteikna i Minneapolis, Minnesota.
Eigne notat: Den sjuke systera som Martin Ulvestad skal besøke må vere (Anne) Ingeborg Pedersd. Ho var gift 6.7.1881 med Ole Rasmuss. Frå Peragarden, Ytre Åmelfoten. Dei fekk fekk fleire born der iallfall 3 reiste til Amerika. Ho døde i 1937.
Folketeljing USA 1920: Martin Ulvestad 53 år, gift med Hannah 39 år. Dei er busett i 41. Ave. S.W. Seattle, Precinct 266, Seattle, Washington. Han har yrke som forfattar, heime. Dei har borna Solveig. 16 år f. Minnesota, Prudence E. 13 år f. Oregon, Elsa A. 10 år f. Minnesota, Helen 8 år f. Minnesota, Olaf E. 7 år f. Washington, Beatrice M. 4, 3/12 år f. Washington Dei eig husværet her.
Folketeljing USA 1930: Martin Ulvestad 64 år gift med Hannah 50 år. Han var 35 år og ho var 20 år når dei gifte seg. Dei har borna Prudence 22 år f. Minn. (Nurse training), Helen 18 f. Minn telephone operator, Olaf 16 f. Wash., Beatrice 14 f. Wash. Martin har yrke som Norwegain geneology publisher. Dei eig husværet til ein verdi av 2500 $. Dei bur i 41st Ave SW, Seattle Washington.
Folketeljing USA 1940: Martin Ulvestad, 74 år, skilt, busett i Husnr. 2113, 41 Ave S W i Seattle. Her bur også Hannah Ulvestad, 60 år. Ho er ”Dependant”. Dei budde her også i 1935. Han eig husværet her som har ein verdi på 3000 $.
Washington Death Index: Martin Ulvestad d.19. jan 1942 i Seattle, 76 år gammal.
Det bør kome eit eige kapittel om Martin Ulvestad.
Peder Andreas [Pedersen] Ulvestad (18.9.1871-?) reiste til Amerika 1890, busett Minot ND, bygningskontraktør. Han var bror til Martin Ulvestad (ovf.) (BSVD).
Folketeljing for Minnesota kan tyde på at Martin og Peter Ulvestad budde i Hennepin, Minneapolis i 1895. Martin var ”Printer”. Peter var ”Car Repairer”. Her budde også ei som heitte Betsy Ulvestad.
Peder Pedersen Ulvestad utvandra få Volda omkring 1894. Han var bygningskontraktør i Minot N. Dak. (MU NiA og SNSA).
EÅ DigArk: 25 mai 1892 reiste det ein Peder P Ulvestad, 19 år, ugift, fiskar, frå Volda, med Cunard til New York. Det stemmer ikkje heilt med alder på denne person. Men i fylgje folketeljinga i USA 1910 så reiste Peter Ulvestad ut i 1892.
Minnesota Marriage Index: Peder Ulvestad gift med Bergethe Grinde 15.8.1908.
EB DIG ARK: 14 sep. 1910 reiste Peder Olsen Ulvestad (f.1871 i Volda), gift farmar og snekker, med bustad Minot ND. Han har då vore heime på besøk og skal tilbake. Billett: Nei. Reiser med Skand Amerikan. I reisefylgje: Forr hustru og forr barn (Arthur Melvin Ulvestad). Her er mangelfulle opplysingar om forr hustru. Under rubrikken stand [gifte] og etternamn står det: Nei. Under fødestad står det husmor. Under farsnamn: Amk Minot No Dak. Yrke: Farmer og snekker. Barnet Arthur Melvin Ulvestad var fødd i 1908 i Minot No Dak (Emigranter frå Bergen DigArk). Det kan her setjast spørsmålsteikn ved kvifor Peder brukar etternamnet Olsen når faren sit namn var Peder. Forklaringa kan vere at faren heitte Peder Olss..
22. sep. 1910 reiste Peter Ulvestad, 39 år, arbeidar, kona Birgitte 26 årog sonen Arthur 2 år, frå Kjøbenhavn med SS Oscar II. Framme i New York 5. oktober. Peter og Birgitte var då begge statsborgarar i USA. Arhur var fødd der. Dei skulle til Minot N.D. Dei er også oppførte på lista over dei som reiste frå Kristiania 23. sept 1910, men her er dei utstreka (New York pass. List, Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 7. mai 1910 budde familien i Minot ND. Peter Ulvestad 38 år, snikkar, hadde utvandra i 1892. Birgitte i 1904. Dei har vore gifte i 2 år. Dei har sonen Artur 1 år og 9 mnd.
Arthur Melvin Ulvestad f. 25. juni 1908 d. 6. sep 2005. Siste opphaldstad 59808 Missoula, Montana. Gravlagd Sunset Memorial Graveyard, Mullan Road, Missoula. Han hadde tenestegjort i US Navy under andre verdskrig.
Hansgarden, Ulvestad
Elling Britanus Ulvestad (25.9.1876-?) reiste til Amerika 1900 (BSVD s. 127).
18 april 1900 reiste Elling Ulvestad 23 år, ugift, arbeider, med Breaver linjen. Reisemål: Minnesota. Meknad: Udv. till. Billett: Her. (EÅ 1878-1920 DigArk).
I fylgje folketeljinga for USA 1900 budde Elling Ulvestad 23 år, dagarbeidar, på pensjonat i Lee Township, Norman County, Minnesota. Her budde også Sivert Feden og Lars Feden.
Elling B A Ulvestad døde 74 år 29. okt. 1951 i Garden Bay (B.C. Death Index, Ancestry.com).
Ole Martinus Ulvestad (29.2.1884-?) reiste til Amerika 1904 (BSVD s. 128), (DBGÆ s. 276).
Ole Martinus Ulvestad f. 29.2.1884 budde i Sitka, Alaska 1918. Han var sjømann om bord i Schooner Commonwealth, Booth Fisheries. Han hadde ingen nære slektningar der.(WW1 Draft Reg. Card, Ancestry.com)
Ole Ulvestad, 80 år, døde 30. Jan 1965 i Prince Rupert, BC, Canada (BC Death Index, Ancestry.com)
Jonsgarden, Ulvestad
Hans Martinus [Anderss.]Ulvestad (2.3.1881-?) reiste til Amerika 1907 (BSVD s. 130), (DBGÆ s.278). Utreiseåret kan vere feil. Han kan vere forveksla med Hans Andreas (Andrew B.) Pedersen, sjå under Nylænde
19. mai 1903 reiste Hans A. Ulvestad 22 år, ugift frå Volden, arbeidar, med Allan linjen. Reisemål: Dakota. Bill: Prepaid. (EÅ DigArk). Medreisande Elling A. Sæterås. Også til Dakota.
Hans Ulvestad 21 år, farmer, reiste med “Bavarian” frå Liverpool til Montreal Quebec 6. juni 1903. Han skulle til Ritchville ?, Dakota
Jogarden, Ulvestad
Knut Leiv Ulvestad (13.6.1919-24.6.1967), reiste til Amerika (BSVD s. 134).
Han søkte om stasborgarskap i USA 23. sep. 1943. Dette var i Washington. Knut Ulvestad var tilsett om bord i ”Stavangerfjord” (Den Norske Amerika Linje) som ”Reserveman” og kelner (1945-1947). Han var også sjømann om bord i ”Lone Star State”, ”Fribourg Trader” og ”Empire State” som gjekk på Stillehavet til Japan. Dette var på 1950-talet (Ancestry.com)
Persgarden, Ulvestad
Sivert Olai Ulvestad (24.2.1868-?), reiste til Amerika 1888, busett Tacoma WA, vogninspektør i jernbanen og snikkar.
Sivert Olai Pedersen Ulvestad står oppført under Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal (DigArk). Dato: 20.4.1888. Ugift, grdmdsøn. Medreisande frå Volda: Rasmus Elias. Drabløslid, Hans Peter Rasmuss. Feden, Elias Olai Olsen Heltne. Registrert same dato var også Ole Olsen Folkestad og Marthe Nilsd. Folkestad med 3 born. 21. april reiste Hans Olav Iversen halkjelsvig f. 1869.
”Ulvestad Sivert P, udv. frå Volden, Søndmøre, 1888, vogninspektør for N.P. Banen i Tacoma, Wash., siden 1902; var en af Stifterne af ”Norden, S. af N.” (MUNiA).
Minnesota Marriage Index: Sivert P. Ulvestad gift med Carrie Loftnes, 30.6.1900 i Hennepin Minnesota.
Sivert Pederson Ulvestad søkte om statsborgarskap 10. mars 1894 i Moorhead, Clay County, Minnesota. I ny søknad 29. aug. 1913 går det dessutan fram at han drog frå Liverpool 20. april 1888 og kom fram til New York 4. mai med skipet ”Etruria”. Ny adresse er 3564 Spokane Ave., Tacoma, Wash.. Han er då gift med Carrie Ulvestad, men dei har ikkje barn (1913). Yrket til Sivert er vogninspektør. Vitner til søknaden var P. J. Haugen og Carl Hagglund, Tacoma (Ancestry.com).
I fylgje folketeljinga i USA 1920 budde Sivert Ulvestad, 50 år, kona Carrie 49 år og syskjenbarnet (cousin) Didrike? Bakke 59 år, i Spokane Ave, Tacoma City, WA. Sivert eigde husværet. Han hadde fått statsborgarskap i 1914. Carrie hadde utvandra 1883. Bakke i 1882. Sivert hadde yrke som snikkar på skip.
I fylgje folketeljinga 1930 budde Sivert og kona framleis i Tacoma. Men no var Sivert ”loader”- lossearbeidar for eit Lumber Comp – tømmerkompani.
Dei budde også i Tacoma 1936. Då var Sivert ”millwkr. SP&TLCo h3572 Spokane”. Sannsynlegvis arbeidde han på eit sagbruk. (Adressebok for Tacoma, Ancestry.Com)
Carrie S. Ulvestad 88 å,r d. 10. april 1951 i Alabama
Elias Kornelius Ulvestad (31.10.1905-?) reiste til Amerika (BSVD s.137)
12. mai 1923 reiste Elias Kornelius Paulsen Ulvestad, ugift, fiskar med reisemål Canada. Medreisande frå Volda: Ragnvald Sivertsen Kvangarsnes (EÅ DigArk)
Elias Ulvestad emigrerte frå Southampton 1. juni 1923 med Eusonia til Quebec thence by C.P.Ryg?. Han kom til USA gjennom Blaine, WA i juni 1923. 7. April 1924 hadde han adresse 35.. (?) East Spokane Ave, Tacoma, Washington. Dette går fram i søknad om statborgarskap. Han budde i same gate som onkelen, Sivert. (Ancestry.com).
Elias Ulvestad f. 1905 vart innrullert i US Army 10. august 1940 i Tacoma.
Nylænde, Ulvestad
Jakob Kristian (Jacob) Pedersen (21.3.1880-kring1937), reiste til Amerika 1899, busett Stewart BC, Canada, dreiv forretning (BSVD s. 138).
1.2.1900 reiste Jakob P. Ulvestad, 20 år, ugift, arbeidar frå Volda med White Star Line. Reisemål: Minnesota. Merknad: Rodesedel. Billett: Her. Medreisande Jakob J. Løndal og Lars S. Feden.(EÅ DigArk).
Pedersen, Jacob, udv. frå Ulvestad, Volden 1899; Mineforretning i British Columbia og Alaska siden 1905 med Bopæl i Stewart, BC (MUNiA).
I fylgje folketeljing i USA 1900 budde Jacob Ulvestad f. 1880, utv. 1900, gårdsarbeider i Lee Township, Norman County, Minnesota. Det ser ut for at han har jobba for ein Marsden. Usikkert om dette er vår mann.
Møre 24. Okt. 1925, skrive av Thor E. Ness: Jack og broren Hans dreiv med både sølv og gullgraving. Jack hev vore her i 28 og Hans i 19 år. Dei hev på mange område so å segje vore fyregangsmenn her og hev med sin dugleig og greidskorne ferd vunne seg mange vener.”Dei har havt ein særs gløggskap å finne seg claims (skjerp) som er verdfulle.
Hans Andreas (Andrew B. [) Pedersen (31.12.1881-kring 1935) reiste til Amerika 1907, busett Milwaukee WI (BSVD s. 138). I BSVD er han truleg forveksla med Anders Britanus Pedersen Ulvestad frå Krikane.
14.3.1907 reiste Hans Andreas Pedersen Ulvestad f. 1881, ugift fisker. Linje: Hv. Reisemål: Minnesota. Merknad: Udv. til. Billett: nei. Medresiande: Elias Matias Nicolaisen Molvik(EÅ DigArk).
Møre 24.10.1925, skrive av Thor E. Ness: Medan Jack hev arbeidd i Stewart hev Hans halde seg i Alice Arms og eign no mange verdfulle ”claims” der.
Pettergarden, Haugen
Knut Johannes Olai Haugen (20.1.1888-10.9.1947) var på skogsarbeid i Minnesota, men kom tilbake, gifte seg og tok over garden (BSVD s. 150 og 151).
EÅDigArk: 23.4.1910 reiste Knut Johan Olai P. Ulvestad, f. 1888, ugift, fiskar, frå Volda med Hvide til Minnesota. Rodesetel. Billett: Penge. Medreisande: Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Samund Olai j. Aksnes til Canada, Sivert Martin A. Eidseth til Canada, Elias Andreas J. Hesteflot til Canada.
Larsgarden, Haugen
Peder Olai [Berntson] Ulvestadhaug (10.9.1861-?) reiste til Amerika, busett Plummer MN, dreiv trelastforretning (BSVD s. 152).
Peder Berentsen Ulvestadhaug, Trelastforretning, Plummer, Minn. (MUSNSiA).
11. august 1892 reiste Peder Berntsen Haugen, 30 år, ugift, med Cunard linjen til New York. Under heimstad står det Amerikansk borger boende i Minnesota. Det betyr at han har vore der tidlegare. Billett: her. I reisefylgje var også broren Ole med familie. Sjå nedanfor (EÅ DigArk).
Ole Britanus Andreas Bernts. (24.5.1865-?). Han hadde dottera, Johanne, f. 1886 utanfor ekteskap. Han vart seinare gift 20.5.1890 med Teodora Jonsd. Frå Bjørkelunden, Nedre Mork (21.7.1865-?), fekk dottera Oline Marta Haugen (31.8.1891). Dei budde her ei tid som inderstar, reiste sidan til Amerika (BSVD s. 152).
11. august 1892, reiste Ole Berntsen Ulvestadhaug, 27 år, kona Theodora Berntsen 27 år og dottera Oline Berntsen med Cunardlinjen til New York. Billett: Her. I reisefylgje var også broren Peder, sjå ovanf. (EÅ DigArk).
NYPL 1892: Familien Ulvestadhaug Ole, Theodora og Oline reiste med SS ”Gallia” frå Liverpool, framme i New York 3.9.1892, Dottera Olive [Oline] var 11 mnd. Dei skal til Minnesota.
Ole Berentsen Ulvestadhaug, arbeider, Duluth, Minn. (MUSNSiA).
Theodora Jonsd. (21.7.1865-?) frå Bjørkelunden Nedre Mork. Ho var gift med Ole, sjå ovanfor og dei budde i Larsgarden ei stund som inderstar. I EÅ er ho nemnt som Theodora Berntsen. Dei fekk barnet Oline Marta Haugen (BSVD s. 152)
Oline Marta Haugen (31.8.1891-?), dotter til ovanfornemnde Ole og Theodora Ulvestadhaug.
Johangarden
Martinus Britanus Johanss. Haugen (25.8.1887-29.10.1948) var på skogsarbeid i Minnesota, men kom heim, gifte seg og tok over garden (BSVD s. 151 og 153).
23. april 1909 reiste Martinus Britanus Ulvestadhaug f. 1887, gardsarbeidar med Hvide til Minnesota. Billett: Penge . Medreisande: Ragnvald Britanus N. Molvik.(EÅ DigArk).
Martinus B. J. Haugen drog frå Liverpool med SS ”Laurentic” 29. april 1909, framme i Quebec, Canada, 7. mai 1909. Medreisande var Ragnvald N. Molvik. Det ser ut som dei skal til Duluth, Minnesota (Border crossings from Canada to U.S., AC).
Samtale med Hans Martin Klokk: Martinus var til Amerika 2 gongar.
Bøen, Espenakken
Mathias Thorss. Fløtre frå Breim i Gloppen (16.12.1895-11.8.1958) var 12 år i Amerika, busett Nebraska. Budde på Bøen med kone og barn 1935-1942. Flytte til Nyheim, Sætre, Ulvestadbygda (BSVD s.159).
NYPL 1921: Mathias Fløtre, 25 år frå Breim i Nordfjord, far Thor Fløtre frå Breim. Han skal til Peterburg i Nebraska. Han reiste med ”Bergensfjord” frå Bergen 1.9.1921, framme i New York 10.9.1921. Han skal treffe broren Thor Fløtre i Petersburg, Nebraska. Mørkt hår og brune auge. Han har ikkje vore i USA før og han har betalt reisa sjølv.
Reidar Rasmuss. Skalde (12.81908-6.9.1983) frå Tue i Vanylven, var 7 år i Amerika. Han kjøpte Bøen og flytte hit med familien (BSVD s. 158 og 160).
NYPL 1925: Reidar Skalde, 16 år, frå Vanylven, mor Astrid Skalde Aahjem, Søndmør, reiste med ”Bergensfjord 7.3.1925 frå Bergen, framme i New York 17.3.1925. Han skal treffe onkelen Bernhard Boresen i Glasgow, Tampico. Montana. Han har ikje vore i USA før. Onkel har betalt for reisa.
Folketeljing USA 1930: Reidar Skalde, 21 år, gardsarbeidar, kom til USA 1925, busett i Tampico, Valley, Montana, men er ikkje statsborgar. Han er leigebuar hos ein Ole O. Bronstad med familie. I nærleiken bur ein Ole Molvig med familie og ein Elias Stensland med familie.
Jogarden – Rasmusgarden, Espenakken
Person plassert under Holå, Løndalen: Rasmus Johannes Siverts. Nakken
Sivergarden, Lauvstad – Feta – Feden
Lars Kornelius [Sivertson] (28.7.1880-?) reiste til Amerika 1900 (BSVD s. 170).
1.2.1900 reiste Lars S. Feden, 20 år, ugift, arbeide med Hvide st. linjen til Minnesota. Heimstad: Volden. Merknad: Rodeseddel. Billett: Her. Han reiste saman med Jakob J. Løndal og Jakob P. Ulvestad (EÅ DigArk).
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Lars S. Feden f. 1880, 19 år, ugift, dagarbeidar, utv. 1900, i Lee Township, Norman County, Minnesota. Her budde også Elling Ulvestad og Sivert Feden (Ancestry.com).
I fylgje folketeljing for Minnesota i 1905 budde Lars S. Feden 25 år, i Hendrum, Norman, Minnesota. Han hadde yrke som smed (ancestry.com)
I fylgje folketeljing i USA i 1910 budde Lars S. Feden, 29 år, kona Thea 24 år, Stella 3 år, i School District no 45 Dodson, Chouteau, Montana. Stella var fødd i Minnesota. Lars Feden var smed. Thea og Lars har vore gifte i 4 år(Ancestry.com).
WW1DRC 1917-1918: Lars Severson Feden budde i Sandpoint, Bonner County, Idaho år og årstal stemmer. Grå auge og brunt hår. Medium høgd og størrelse. Næraste pårørande Thea Feden. Han er statsborgar.
I fylgje folketeljing i USA i 1920 budde Lars S. Feden, 39 år, kona Thea 34 år, Stella 12 år, Myrtle 8 år og Mabel 2 år, i Sandpoint City, Bonner, Idaho. Lars var framleis smed. Det ser ut som han har fått statsborgarskap i 1906. Myrtle var fødd i Montana. Mabel i Idaho(Ancestry.com).
I fylgje folketeljing i USA i 1930 budde Lars S. Feden 49 år, kona Thea 44 år og dottera Mabel, i Seattle City, WA. Dei er eigar av husværet.
I fylgje US WWII Draft registration Card 1942: Lars Sivertson f. 28. Juli 1880, budde då i E 32 -6th Spokane, Wash. Han er då 61 år og arbeidslaus. Ein person som alltid vil vite adressa hans er: Mrs Mable Croyle E. 20 Bridgepool, Spokane, Wash.
Lars Sivert Feden f. 28 juli 1880, d. 26 mars 1959 i Los Angeles. Mor sitt pikenamn: Kvangarsnes. Far sitt etternamn: Feden (ancestry.com).
Thea Faden f. ca. 1886 (59 år), d. 20 juli 1945, i Spokane City (WASH. Death Index).
Rasmusgarden – Lauvstad – Feta
Hans Peter Rasmuss.(24.31865-2.3.1910) var nokre år i Amerika. Tok over Rasmusgarden og busette seg der med familie (BSVD s.173).
Kyrkjeboka for Volda Under utflytta 1888: Hans Peter Rasmussen Feden utflytta i 1888
Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal: 20 april 1888 drog Hans Peter Rasmussen Feden 23 år, f. 1865,ugift gårdmannsøn. Fleire frå Volda reiste same dato. Sjå under Sivert Olai Ulvestad frå Persgarden, Ulvestad.
Ole Peter [Rasmusson] (5.10.1870-?) reiste til Amerika (BSVD s. 173)
5. mars 1891 reiste Ole Peter Rasmusen Fidne [Feden], 20 år, ugift, gårdmannson med Cunardlinjen til Minnesota. Billett: Her. Medreisande var Daniel Petersen Lyngnæs. (EÅ DigArk).
I fylgje folketeljing for Minnesota 1895 budde Ole Feden 24 år, gardsarbeidar, i Lee, Norman County, Minnesota. Han hadde budd 4 år i landet. Her budde også John Feden, 21 år, smed (bror til Ole), som hadde vore 3 år i landet (Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for USA i 1900 budde Ole Feden f. okt. 1870, 29 år, ugift i Vilage of Perley [?], Lee Township, Norman, Minnesota. Han hadde yrke som smed. Det er oppgitt at han kom til USA i 1891. Det ser ut for at han er leigebuar hos Martin Skjold. Her bur også John Feden f. 1873. Det er nok broren til Ole (Ancestry.com)
I fylgje folketeljing for USA i 1910 budde Ole R. Feden f. okt 1870, ugift, i Juneau, Alaska (Ancestry.com).
Johannes Tobias (John) Robertson (10.9.1873-?), reiste til Amerika 1892, smed i Perley MN, seinare bilforretning i Fargo ND (BSVD s. 173).
2. juni 1892 reiste Johannes Rasmusen Fedten 18 år, ugift dreng, frå Volda med Allan Line til Minnesota. Medreisande, sjå under Nakken, Gustav (EÅ DigArk)
“John Robertson (Johannes Rasmussen), udv. Fra Feden, Volden, Søndmøre, 1892; Smedeforretnig I Perley, Minn. 1900-1907; Senere Automobilforretnig i Fargo N.Dak. Broderen Sivert Feden, Gaardbr. ved Auburn, Wash” (MUNiA).
I fylgje folketeljing for Minnesota 1905 budde John T. Robertson 31 år, kona Lina Robertson 22 år og borna Torwald 2 år og Clarance 5 mnd., i Lee, Norman, Minnesota.
I fylgje folketeljing for USA i 1920 budde John Robertson 45 år i Fargo, Minnesota. Han var automobilmekanikar. Han var gift med Agnes Robertson, 33 år, fødd i Minnesota av norske foreldre, John og Agnes hadde sønene Thorvald 17 år og Clarence 15 år.
John Robertson f. 10 sep 1873, d. april 1973. Siste bustad 91335 Reseda, Los Angeles, California (Social Security Death Index).
Sivert Kornelius Feden (3.6.1877-?) reiste til Amerika 1895, busett Auburn WA, gardbrukar og arbeidar.
Sivert Rasmussen Feden, arbeidar, Tacoma, Wash. (MUSNSA)
Sivert R. Feden udv frå Volda, Sunnmøre, 1895; gardbrukar ved Auburn Wash.; sidan 1909 var ein av stiftarane av ”Norden”, S av N i Tacoma (MUNiA).
Sivert Feden vart gift 1900 med Maria Olson (1873-1942). Dei fekk borna: John Samuel Feden (1901-1975), Ruth Feden (1903-1989), Anne Feden (1909-1965), Mabel Feden (1911-1911), Ethel Irene Feden (1913-1997). Sivert Feden d. 1921 (Roslyn Elmquist, Ancestry.com)
I fylgje folketeljinga 1900 budde Sivert Feden f. juni 1877 i Lee Township, Norman Minnesota. Han hadde utvandra 1895 og var ugift, dagarbeidar. Her budde også Lars S. Feden og Elling Ulvestad (Ancestry.com)
I fylgje folketelinga for USA i 1910 budde Sivert Feden 33 år, Mary 37 år, John 9 år f. Oregon, Ruth 7 år, f. Washington, Theodore 2 år f. WA, Annie 11 mnd f. WA, i Valley, King, Wash. Sivert hadde immigrert i 1904 står det.
I fylgje folketeljing for USA i 1920 budde Samuel R. Feden 43 år, kona Mary 46 år, John S., 18 år, Ruth 17 år, Theodore S. 12 år, Annie S. 10 år, Ethel 6 år 9 mnd., Woodland S. 3 år 10 mnd. I district 64, Valley, King, Washington. Sivert hadde immigrert i 1904 og fått statsborgarskap i 1903. Han var gardbrukar (Ancestry.com).
Severt Robertson Feden hadde eige gardsbruk i 1918 i fylgje WWI Draft Registration Card. Han hadde grå auge, brunt hår og var ”tall and slender”(Ancestry.com).
Tarri30 Feden family tree Ac: Sivert Rasmus Feden f. 1877 d. 1921. Maria Olson 1873-1942. John Samuel Feden 1901-1975. Barn av John Samuel Feden 1901-1975 og Anne Viola Caling 1906-?: Eugene Roy Feden 1926-1992 gift med living Walker, barn: Living Feden.
Johannesgarden, Nakken
Sivert Johannes (25.1.1850-20.11.1930) gift 26.6.1881 med Johanne Severine Jonsd. (12.3.1856-11.12.1943), busett på Rafteseth i Herøy. Sivert reiste til Amerika med familien 1888 (BSVD s. 192).
I fylgje Bjarne Rabben: Herøyboka Bygdesoga 2, 1973, hadde dei borna: Amalie f. 1881, Josefine f. 1883, Johannes f. 1885, og Mads f.1887. I Herøyboka Gardar og folk III er namna skrivne slik: Malla Petrine Gurine, Josefine Albertine Marie, Johannes Stefanus Gustav, Mads Britanus.
EBDigArk: 26.6.1888 reiste Sivert Johannessen Raftesæt, 38 år, f. 1850, gift, grdmd. Kona Johanne Johnsdatter Raftesæt f. 1855 i Volda er medreisande. Dei har hatt bustad Herøy. Dei har med borna Amalia 7 år, Johannes 4 år og Mads 1 år. Medreisande varogså Annanias M P Johnsen Ulvestadnak [nevø til Sivert] ugift gmdssøn, f. 1866, 22 år frå Volda.
I fylgje folketeljing for Minnesota 1895 budde Sivert Rafteseth 44 år, gardbrukar i New Solum, Marshall, Minnesota. Her budde også kona Johanne Rafteseth 38 år og borna Malla 13 år, Johannes 9 år, Madts 8 år (f. Norge), Sigurd 6 år(f. Minnesota),, Gustava 4 år Adolf 3 år, Hjalmar 5 mnd. Sivert har budd i staten i 6 år og 2 mnd.
I fylgje folketeljinga i USA budde familien på same staden i 1900. Men her er fødselsåra til borna presiserte: Malla (f. sep. 1881), Johannes (f. mar. 1885), Mats (f. mar. 1887), Sigurd (f. mar. 1889), Gustava (f. feb, 1891), Adolph (f. apr. 1893), Hjalmar (f. Feb. 1895), Alfred (f. feb. 1897). I folketeljinga står det elles at Johanna har 9 born, der alle 9 framleis lever. Ho hadde altså 1 barn som ikkje står oppført her. Det må vere Josefine Albertine Marie som vart gift 1903 med Gustav Martinus Nakken (sjå nedanfor). Gustav og Josefine var syskjenborn. Sivert er farmar på eige gardsbruk. Han har budd 12 år i landet, men kan ikkje engelsk. Det kan heller ikkje kona. Sivert er US statsborgar.
I fylgje folketeljinga for Minnesota 1905 budde familien her også i 1905, med unntak av Malla. I tillegg var Gust Nakken, Sivert sin brorson, farmar, 34 år, kona Josephine 23 år og sonen John 1 år, busett her. Gust har budd 9 år i landet, 7 i staten.
Familien til Sivert og Johanna bur i New Solum også under folketeljinga i 1910. Nokre av borna har endra namn. Malla til Millie. Mats til Matt. Johannes til John. Gustava til Gustie. Gustav Nakken med familie bur også her i nabolaget. I folketeljinga står det at Sivert immigrerte i 1888 og at han no er statsborgar.
I fylgje folketeljinga USA 1920 bur Syvert J. Rafteseth 69 år, i nr. 81, Rosewood and Vicinity, New Solum, Marshall, MI. Her bur han saman med kona Johanna 62 år og borna Matheas B. 32 år, Sigurd J. 30 år, Adolph P. 27 år, Hjalmer B. 25 år, Alfred J. 23 år. Borna fødde i Minnesota, unntatt Matheas. Syvert har ingen yrkestittel, men alle sønene er gardsarbeidarar.
I fylgje folketeljinga for USA i 1930 bur Sivert 80 år, pensjonist og Johanna 74 år hos sonen Jalmar, 35 år, farmar. Kona heitte Nelley, 27 år. Dei har sønene Keneth 1 år og Marle 1 mnd. Gustav Nakken og familien er også registrert her i New Solum.
Slektstre på Ancestry: Molden Family Tree
Skøyte på eigedomen til Sivert Rafteseth kan ein finne på nettet under: US General Land Office Records og Minnesota Land Records (Ancestry.com).
Samtale med Johannes Fløtre, april 2012: Sivert og Gustav Nakken hadde farmar side om side i New Solum.
Ananias Mathias Peder (7.7.1866-?) reiste til Amerika 1888, døde der (BSVD s. 193). Han var Sivert Rafteseth sin brorson og Gustav Nakken sin bror.
Kyrkjeboka for Volda, utflytte 1888: Ananias Ulvestadnakk utflytt i 1888 .
EBDigArk: 26.6.1888 reiste Annanias M P Johnsen Ulvestadnak, f. 1866, 22 å,r frå Volda, ugift gmdssøn. Han reiste saman med onkel Sivert Raftesæt
[sjå ovf.]
og familien.
Samtale med Rasmus Fløtre: Ananias hadde visst ikkje familie. Han arbeidde i skogen, men kom vekk der borte. Veit ikkje kvar han vart av. Fekk ikkje kontakt med han meir.
Gustav Martinus (9.8.1870-1.4.1943) gift 27.1903 Josefine Albertine Marie Sivertsd., frå Rafteseth i Herøy (12.7.1883-24.1.1967), reiste til Amerika (BSVD s.193). Josefine var dottera til Sivert Rafteseth, sjå ovf..
2. juni 1892 reiste Gustav Johnsen Nakken, 21 år ugift frå Volda, dreng med Allan linjen til Minnesota. Billett: Her. Medreisande voldingar var Hans Barstad (heimstad: Amerika), John Drabløs, Søren Sætreås, Sivert E. Koppen, Johannes Rasmusen Fedten. (EÅ DigArk)
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Gustav Nakken, 29 år, ugift i New Solum, Marshall, Minnesota. Han er då farmar på sjølveigd farm. Han hadde immigrert i 1892.
I fylgje Border Crossings from Canada to USA 1901: Josefine emigrerte med SS ”Parisian” som drog frå Liverpool 29.08.1901, framme i Quebec 6.09.1901. Ho var tenestejente (servant). Det var faren som hadde betalt for reisa. Ho skal til Thief River Falls, til far sin.
I fylgje folketeljinga i USA I 1910 budde Gustav Nakken, 39 år, farmar i New Solum, Marshall, Minnesota. Her budde også kona Josephine 26 år, og borna John 6 år, Simon 3 år og Arnold 1 år. Det ser ut som at familien Nakken (hus nr. 47) og Rafteseth (hus nr. 46) er naboar. Ei rekkje nordmenn budde i området.
I fylgje folketeljinga 1920 er nok eit barn kome til verda. Det var Gladys 6 år og 3 mnd (29. jan 1920). Alle borna var fødde i Minnesota. Det går fram at Gustav og Johanne fekk statsborgarskap i 1902. Dei bur framleis i New Solum, men nummer på husvære er nr. 88. Gustav er farmar.
I fylgje folketeljinga 1930 bur familien framleis i New Solum, men det er berre Arnold 21 år og Gladys 16 år som framleis bur her av borna. Arnold er farmar. Gladys er student.
Gustav Nakken f. 9. aug 1870 d. 1. april 1943 i San Francisco (California Death Index 1940-1997 Ancestry.com).
Samtale med Johannes Fløtre: Dottera til Gustav, Gladys, budde nokre år i San Francisco. Så det er difor muleg at Gustav var hos henne då han døde, men han vart gravlagt i New Solum. På garden til Gustav vart det gitt tomt til kyrkje. Rasmus Fløtre har spelt på orgel i den kyrkja. Næraste sentrum med skule er Roseby. Neppe etterkomarar på garden til Gustav no. Johanes Fløtre har hatt kontakt med eit barnebarn til Gustav som heiter Barbara (dotter til Gladys) som har budd i Idaho.
Anders Johannes (1.6.1882-?), reiste til Amerika og døde der (BSVD s. 193).
1.5.1902 reiste Anders Nakken 20 år, ugift arbeidar frå Volda med White Star Line til Minnesota. Merknad: Rodeseddel. Billett: Her. Medreisande frå Volda var Ole M. Halkjelsvik.(EÅ DigArk).
Anders Nakken reiste med SS ”Cymric” frå Liverpool 9. mai 1902, framme i New York 19. mai 1902. Han skal til Marshall, Minnesota for å besøke onkelen Gustaf Nakken.
Samtale med Johannes Fløtre: Anders budde ei stund med Gustav, men han arbeidde andre stader. Anders hadde vore fadder til eit barn. Reisekista til Anders kom fram til Gustav, men han forsvann på toget eller noko sånt. Etterkomarar har ein del av remediane hans enno. Johannes Fløtre har ein del bilder og ættelister av folket frå Nakken
Skaret
Elling Johannes Martinus [Andreasson](13.9.1882-26.2.1980), gift med Ida Janson (4.8.1885-21.12.1964), reiste til Amerika 1904, busett Seattle, WA (BSVD s.194)
Elling Skaret brukte å skrive lesarbrev til ”Møre”. Og var fleire turar heim til Norge.
18. februar 1904 reiste Elling A. Ulvestadnak, 21 år, ugift, arbeidar frå Volda med White Star til Minnesota. Merknad: Rodesetel 50.00. Billett: Nei. Medreisande: Peder O. Drabløsvik [ frå Lida]
Elling Johannes Martinus Skaret, snikkar, søkte om statsborgarskap i USA 15. juni 1929. Adressa hans var då 7933 – 30th Ave. S.W. Seattle Washington. Han emigrerte til USA frå Hanna, Alberta, Canada i april 1923, gjennom Eastport Idaho 8. mai 1923 på ”Highwayen”. Han var gift med Ida Clara f. 4. aug 1885 i La Moure, N.D. Dei har 6 born: 1)Artur Skaret f. 21.02.1912 i Castor, Canada.2)Morest f.2.8.1913 i Castor Canada. 3)Elvera f. 28.8.1915 i Endiang, Canada. 4)Harvey f. 10.8.1917 i Endiang. 5)Albert f. 19.4.1919 i Alliance, Canada. 6)Ane f. 16.12.1923 I Seattle Wash. Vitner til søknaden: Alias Molvik, snikkar, 1037 – 71 St. Seattle, Wn og E.A. Ulvestad, elektrikar, 6620 Fauntleroy Ave, Seattle.
Elling Skaret har vore ein tur til fedrelandet i 1936. Han reiste med ”Stavangerfjord” frå Bergen 12. mars 1936, framme i New York 20. mars 1936. Han er då 53 år. Det framgår her at han har fått statsborgarskap i USA 28. sept. 1929.
Han har også vore i Noreg i 1947. reiste tilbake til USA med ”Stavangerfjord” 11 juli frå Oslo, framme i New York 21. juli 1947. Han var då 64 år.
Også i 1950 tok han ”Stavangerfjord” tilbake til USA. Frå Bergen 26. oktober, framme i New York 3. november.
Bok på internet: Moreys Bench, Stories from the Life and Times of Morest L. Skaret. As told to Judy E. Pckens. Mykje interssant om livet på prærien.
Holå, Løndalen
Oline Andrine (26.1.1874-?) gift med Kristian Pederss. Sandnes frå Vanylven (1868-?).
28.5.1898 reiste Oline Andrine Sivertsd. Løndal, 24 år, f. 1874, ugift, tenestejente frå Volda. Ho skulle reise med Americanl. Billett var pp [prepaid] (EBfM&R DigArk).
I fylgje folketeljinga i USA 1900 budde Oline S. Sandnes 26 år og mannen hennar, Christ P. Sandnes 32 år i District 7, Lincoln, Barnes, North Dakota. På dette tidspunktet hadde dei enno ikkje vore gifte eit år. Han hadde immigrert i 1888 og var statsborgar og farmar av yrke. Ho immigrerte i 1898.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Olena og Christian P. Sandnes i District 13, Rosebud, Barnes, North Dakota. Dei har då vore gifte i 11 år og har fått borna: Sigvart 9 år, Conrad 7 år, Alfred 6 år, Astrid 5 år, Clara 3 år, Palmar 1 år 6 mnd (mai 1910). Andrew Vidnes, 19 år, bur hos dei som dreng.
I fylgje folketeljinga i USA 1920 budde Oline (45 år) og Christian P Sandnes (51 år) i District 11, Rosebud, Barnes, North Dakota. Då hadde dei fått borna: Sigvart C., 18 år. Conrad R., 17 år. Alfred O., 16 år. Astred C., 14 år. Clara O., 13 år. Palmar B., 11 år. Melvin R., 9 år. Alven, gut, 7 år. Almer, gut, 4 år. Ei rekkje norske familier budde i området.
I fylgje folketeljinga i SA 1930 budde Lena 56 år og Christian Sandness, 62 år, i District 42, Rosebud, Barnes, North Dakota. Alt tyder på at Olina har skifta namn til Lena. Borna som budde hos dei var Palmar 21 år, Clara 23 år, Melvin 19 år, Almer 14 år. Både Christian og Palmar har yrke som kornfarmarar. Christian eigde farmen.
Lena Sandnes f. 26. jan 1874, d. 15 okt. 1969, siste bustad 58461 Litchville, Barnes, North Dakota (Social Security Death Index, A.c).
Jakob Martinus (17.10.1875-?), reiste til Amerika (BSVD s. 200).
EÅ DigArk: 1.2.1900 reiste Jakob J. Løndal, 24 år ugift, arbeidar frå Volda med White Star Line. Reisemål: Minnesota. Merknad: Udv tillatelse. Billett: Her. Medreisande frå Volda: Jakob P. Ulvestad og Lars S. Feden.
I fylgje folketeljinga i USA i 1910 budde Jacob Lundahl 34 år og kona Sarah 32 år i District 13, Litchville, Barnes, North Dakota. Dei har vore gifte i 5 år og har borna Hjalmar S. 3 år og Beatrice 2 år. Begge borna var fødde i Minnesota. Jacob er snikkar på hus.
I fylgjeWWI Draft Registration Card 12. sept 1918 budde Jakob Sivertson Londahl (f. 17. Okt 1875) i 3644 W 63rd St. Seattle, King, Washington. Han var skipsbyggar. Arbeidsgivar var Skinner & Eddy Corp. Kona var Sarah Londahl. Han var medium høg, men hadde staut kroppsbygning. Mørkeblå auge og lyst hår.
I fylgje folketeljinga i USA i 1920 budde Jakob S. Londahl 44 år og kona Sarah Londahl 41 år i Precinct 38, Seattle, King, Washington. Dei hadde borna: Hjalmar S. 13 år, Beatrice A. 12 år, Benedick (son) 9 år, Stanley A. 7 år. Jakob hadde immigrert i 1900, Sarah i 1902. Dei vart statsborgarar i1906. Hjalmar og Beatrice var fødde i Minnesota. Benedick i N. Dakota. Stanley i Washington. Jakob er skipsbyggar på skipsverft. Han eig husværet.
Sarah S. Londahl d. 12. Feb. 1964 i Seattle (Wash. Death Index, Ac).
Rasmus Johannes Sivertss. Løndal (10.10.1881-3.1.1957), kjøpte Jogarden – Rasmusgarden, Espenakken i 1915. Han var i Amerika ei tid (BSVD s. 200 og s. 162)
Rasmus Londal, 21 år, arbeidar, reiste med SS ”Philadelphia” frå Southampton 15. mars 1902, framme i New York 22. mars 1902. Han har betalt billetten sjølv. Det ser ut for at han skal til La Moure N. Dak. Han skal besøke broren (New York Pass. List, A.c.)
Marta Severine (30.8.1884-17.5.1973), gift med Hans Hånes og busett Rovde (BSVD s.200)
Marta Londal Sivertsen, 19 år, ugift, tenestejente, reiste med SS ”Majestic”, frå Liverpool 16. mars 1904, framme i New York 24. mars. Ho skal til Litchville i N. Dak.. J. Londal har betalt for billetten. Ho skal møte ein ven, Mr. A. Hellebust (?) i Litchville (New York Passanger List, A.c)
Molvikgarden, Sætre
Elias Mathias Molvik (10.4.1888-?), reiste til Amerika gift med Ina George (BSVD s. 204).
EÅDigArk: 14.3.1907 reiste Elias Matias Nicolaisen Molvik, f. 1888, snikkar, frå volda, med hvite til Minnesota. Rodesetel. Billett: ja. Medreisande: Hans Andreas Pedersen Ulvestad.
I fylgje folketeljing I Canada I 1911 budde Elias Molvik (f. april 1888) i Prince Rupert, Comox Atlin, British Columbia. Han immigrerte i 1911.
Elias Molvik vart gift med Ina H. George 22. des 1913 i Vancouver (British Columbia Marriage Index, Ac).
Elias Molvik, snikkar, 28 år og kona Ina Molvik 26 år skulle forlate Canada (registrert mai 1916) for å dra til Tacoma i USA. (Border Crossings From Canada to US, Ac)
USA Declaration of Intention: Elias Molvik, 28 år, snikkar, emigrerte til USA frå Vancouver med fartøyet ”Princess Adelaide”. Han kom fram til Seattle 17. mai 1916. Adressa i Canada var Britainia Beach B.C. Ny adresse i USA: 3572 Spokane Ave, Tacoma, Washington. Kona sitt namn var Ina som bur med han. Dokumentet signert 18. mai 1916.
I fylgje WWI Draft Registration Card 1917 budde Elias Molvik 29 år, f 10. april 1888 i 5015 W Dawson, Seattle, Wash.. Han er snikkar hos Arnes Shipbuilding Co.
I fylgje folketeljing I USA I 1920 budde Elias og Ida Molvik (f. ca. 1890 i California) i Darler Avenue. Seattle, King, WA. Elias var då skipssnikkar.
I fylgje US WWII Draft Registration Card, 1942: Elias Molvik 54 år, budde i 1308 – 20 St. Anacortes, Skagit, Wash. Arbeidsgjevar var East [?] Wood Lumber Company, Anacortes, Skagit, Wash.. Næraste pårørande: Ina Molvik.
Ina Molvik d. 19 nov. 1968 i Anacortes (Washington Death Index)
Elias Molvik f. 10 april 1888 d. 22. jan 1974. Siste bustad var 98221 Anacortes, Skagit, Washington (Social Security Death Index, Ac).
Ragnvald Britanus Molvik (22.3.1890-10.10.1970), reiste til Amerika 1909, gift 1928 med Gunda Marie Scramstad, busett Alberta, Canada.
23. april 1909 reiste Ragnvald Britanus N. Molvik, f. 1890, ugift, steinarbeidar frå Volda med White Star. Reisemål: Minnesota. Merknad: Rodeseddel. Billett: Pengar. Medreiasnde: Martinus Britanus j. Ulvestadhaug. (EÅ DigArk)
Ragnvald N. Molvik, 19 år, drog frå Liverpool 29. april 1909 med SS ”Laurentic”, framme i Quebec 7. mai 1909. Medreisande var Martinus B. J. Haugen. Det ser ut for at dei skal til Duluth i Minnesota.
Knutegarden, Sætre
Johannes Olai Jakobss. Sætre (12.8.1900-28.4.1976) Johannes var fleire år i Amerika og han var amerikansk statsborgar (BSVD s. 209). I Amerika frå 1926-1935 og 1937-1946. Deretter pendling mellom Norge og Alaska kvart år 1947-1976. Han døde i Norge (BSVD s. 209)
Han reiste til USA i 1926 og vart amerikansk statsborgar med namnet John O Sater. Han arbeidde i Alaska då USA kom med i verdskrigen i 1942 (MfD 2007 s. 98). Han arbeidde i Platinum frå 1936-1976. frå 1936-1946 var han der samanhengande. Elles pendla han mellom Noreg og Alaska. Ut om våren og heim igjen om hausten (MfD 2005 s. 100).
EmBergenDigArk: 7. mai 1926 reiste Johannes Olaj Paulsen [Paulsen truleg feil transkribert] Sæthre, f. 1900, ugift, gardsarbeidar frå S’tre, Dalsfjord Volda Søndmør, til La Moure No.Dak., med United States Line, for å søke arbeid. Skattekort forevist. Nytt yrke: Farmarb. Reisepass Aalesund pkm. Fri for Vpl. Medreisande var Anders Johannes Sæteraas.
Johannes Satre, 25 år, frå Dalsfjord drog frå Bremen, Tyskland 12. mai 1926 med SS ”Republic”, framme i New York 23. mai 1926. Medreisande var Anders Satreas. Dei har yrke som farmarar. Meininga er at dei skal til La Moure ND (NYPLA.c)
I fylgje USA Declaration of Intention, signert 3. sep 1935: John Ole Sater, 35 år, f. 12. aug 1900 i Volda. Adresse: 517 Yesler Way, Seattle, King, Washington. Han reiste frå Bremen, Tyskland med SS ”Republic”, framme i New York 23. mai 1926. Han har tidlegare gjort ei ”Declaration of Intention” 27. mai 1928 i Astoria, Ore. Då med namnet Johannes O. J. Saetre.
John Ole Sater, 36 år, ugift, sjømann, fødd i Volda, drog frå Southampton med ”Queen Mary” 3. mars 1937, framme i New York 9. mars 1937. Han skal til Seattle, Washington. Han har vore statsborgar i 10 år sidan 8.3.1936. Det ser ut for at adressa hans er 705 – 30 Ave W Seattle. Sist han var der var 12. aug. 1936 (New York Passanger List, A.c).
John Ole Sater, 46 år gift drog frå Gøteborg 1. mars 1947 med M.S. ”Gripsholm”, framme i New York 10. mars 1947. Han har bustadadresse i Platinum, Alaska. Sist han reiste frå USA var 22. nov 1946.
John Sater, 51 år, gift, reiste frå Southampton 15. mars 1952, med ”Queen Elisabeth” framme i New York 20. mars 1952. Han skal til Platinum, Alaska (New York Passanger List, A.c)
John Ole Sater drog frå Bergen med ”Stavangerfjord” 7. eller 8. mars 1950, framme i New York 17. mars 1950. Han skal til Platinum, Alaska (New York Passanger List, A.c)
Ole John Sater drog frå Bergen 18.3.1956 med ”Stavangerfjord”, framme i New York 26.3.1956. Adresse i USA: Stuart Bld., Seattle, Good News Mining Co., White-Henry.
Pergarden, Sætre
Jørgine Severine (14.4.1843-?) gift med (Hans) Martinus Anderss., frå Sivertgarden, Torvika (f.15.3.1843), var ei tid busett på Takset i Syvde, reiste sidan til Amerika, busett Stoughton Wisconsin. (BSVD s. 211). Sjå meir under Hans Martinus Anderss, Sivertgarden, Torvika.
SKViVDigArk: Jørgine Severine Andersdat. Sætre utflytt til Bergen vaaren 1864.
Ho tok namnet Georgine i USA
I fylgje folketeljinga 1920 hadde Georgine då vorte enke. Ho budde då saman med dottera Anna L. (48 år) i North Monroe, Stoughton. Begge hadde fått statsborgarskap i 1896. Dei har ingen yrkestittel, men det ser ut som dei eig husværet (A.c)
Ole Sigvald (27.1.1891-?), reiste til Amerika 1910 (BSVD s. 211.)
EÅ DigArk: 23. april 1910 reiste Ole Sigvald Pedersen Sætre f. 1891, ugift snikkar med hvite [White Star Line] til Min. USA. Rodeseddel, ikkje billett. Medreisande frå Volda var: Knut Johan Olai P. Ulvestad, Sæmund Olai J. Aksnes, Elias Andreas J. Hesteflat og Sivert Martin A. Eidseth. Dei tre sistnemnde hadde reisemål Canada.
Ole Sigvald tok namnet Olaf Sather i USA. Han starta som maskingut på lastebåtar på Great Lakes. Om vintrane når sjøane var tilfrosne tok han utdanning. Han tok sertifikat på både stim- og dieselmaskiner. Han var både chief og skipsinspektør. Etter universitetsutdanning i kjemi vart han overingeniør i Standard Oil. Seinast i 1967 hadde han vikariert som chief på Dei store sjøane. Han var ein tur til Norge i 1969. Han døde 25.05.1971. (Ivar Sætre: Dei som vart att heime og dei som reiste ut, MfD 2006)
I fylgje WWI Draft Registration Card: Olaf Petersen Sather, 26 år, f. 27. jan 1891 i Volda, ugift, budde i West 2nd Street, Deluth, St Louis, Minnesota. Yrkestittel var Assistant Marine Engineer. Arbeidsgjevar: Tomlinsen Steam Ship Co.. Dette var på Great Lakes. Han var ”tall og slender” – høg og tynn, hadde blå auge og brunt hår. Underteikna 31. mai 1917.
I fylgje folketeljinga USA 1930: Olaf P. Sather, 39 år, gift med Esther O. Sather (25 år?) fødd i Minnesota med norsk far og svensk mor. Dei har borna Leonard 12 år og Mildred 10 år. Olaf var Lubrication Engineer i Standard Oil. Familien budde i Robinson Street, Duluth, St Louis, Minnesota. Olaf P. Sather var 28 år ved fyrste ekteskap. Esther O Sather var 20(?) år ved fyrste ekteskap. Det kan tyde på at Olaf har vore gift tidlegare.
Knut [Peders.] (21.12.1898-?), sjømann, døde i Amerika.
Knut Pedersen heitte han i folketeljinga i Volda 1900. Han er ikkje å finne i kyrkjebøkene som døypt. Han var heimedøypt i internt samfunn. (DigArk). Familien høyrde sikkert til dei som melde seg ut av statskyrkja etter at læraren Nikolai Molvik vart avsett fordi han leia privat nattverd (1893).
Knut døde i 1932, berre 33 år gamal. Han hadde først vore sjømann på dei store sjøane i USA, og sidan arbeidd på skipsverft (Ivar Sætre, MfD 2006).
Border Crossings from Canada to US, A.c: Knut Sather, ugift, sjømann, 24 år, var innom Duluth 24. desember 1923. Siste permanente adresse var Sætre, Volden. Næraste pårørande var: Peter Sather, Sætre, Volden, Norway. Knut Sather skal til Brooklyn, N.Y.. Han har vore i USA tidlegare m.a. Philadelphia. Siste gong han forlet USA var 15. okt. 1923. Han var 6 fot og 5 tommar høg. Han hadde grå auge og lyst brunt hår.
Nilsgarden, Sætre
Mogeleg utvandra: Jon [Nilsson] (11.9.1826-?) reiste til sjøs og døde ute.
Mette Karine (2.3.1840-?), reiste til Amerika, gift der (BSVD s.214).
Ho er ikkje å finne i folketeljinga for Volda 1865 og 1875.
Ragnhild Marta (14.9.1855-?) reiste til Amerika, gift med Nils Nordhus (BSVD s.214) Ho var systerdotter (niese) til Mette Karine (ovf.). Foreldrene til Ragnhild Marta var Knut Nilss. Og Ane Serine Olsd. Frå Espenakken. Ragnhild var eit sokalla uekte born for foreldra var ikkje gifte då dei fekk henne. Dei gifte seg fyrst i 1860. Dette var noko uvanleg på denne tida.
Ragnhild Marta Knudsd., f. 1855 flytte til Ålesund sept. 1877 (Skanna kyrkjebok Vanylven i Vanylven 1868-1884, DigArk).
Ragnhild Marta Knudsdatter f. Volda 14.1855, konfirmerte 9.10.1870 i Vanylven, innflytta til Ålesund 1874 frå Vanylven, gift 7.10.1877 i Ålesund med Niels Olsen Nordhus f. 15.12.1852 i Fjelberg. Han hadde komt til Ålesund februar 1875. (Ålesund 1873-1898 Klokkerbok DigArk).
I fylgje folketeljinga i Bergen i 1891 (DigArk): Nils Ols. Nordhus (Løsarbeider, f. 1852, Fjeldbergs herred) og Ragnhilde Ols. (f. 1855, Volda) med borna: Ingeborg Anna Ols. (f. 1878, Ålesund by), Kamilla Ols. (f.1879, Ålesund by), Olga Martine Ols.(f. 1888, Bergen by), Ragnhild Judith Ols.(f. 6.6.1890), Bergen by). I fylgje folketeljinga 1900 (DigArk) har desse borna kome til: Knut Olai (6.5.1892, Bergen), Nils (f. 1894, Bergen), Ingeborg (f. 12.8.1899, Bergen). Ingeborg f. 1878 er ikkje med på denne folketeljinga.Dei budde i Schrødersmuget 6, i 1891. Dei budde i Strangt. 125, i 1892. Dei budde i Klevesmug nordre, i 1900.
30. mai 1902 reiste Nils Olsen Nordhus (løsarbeider) og dottera Olga Martine Nordhus (14 år) med Stjerne pp [White Star Line] til Amerika (Emigrantar frå Bergen, DigArk). Billetten var sannsynlegvis prepaid – førehandsbetalt.
Nils Nordhus, 50 år, arbeidar, drog frå Liverpool 6. juni 1902, med SS ”Cymric”, framme i New York 16. juni 1902. Han har med seg dottera Olga Nordhus, 13 år. Dei skal til Blair, Wis. for å besøke Nils sin bror, Paul Nordhus (New York Passanger list, A.c).
18. juli 1904 drog Ragnhild Martha Knudsen Nordhus (49 år, f. 1855, Volda) og sonen Nils Olai Nilsen Nordhus (10 år) til Blair i Wisc med Stjerne [linjen]. Ragnhild er sagmøllearbshustru og har mannen i Amerika (Emigrantar frå Bergen, DigArk).
Folketeljing i USA 1920, i Duluth, St Louis, Minnesota., A.c: Ragnhild Nordhus, 65 år, enke budde hos familien Peter og Olga Overland med fire born. Olga er sikkert dottera til Ragnhild. I husstanden bur også Nels O. Nordhus, 25 år, US statsborgar i 1918. Han jobba på sagbruk (Lumbermill). Det står at dei immigrerte i 1902.
Folketeljing i USA 1930, Ettrick Township, Trempealeau, Wisconsin: Ragnhild Nordhus, enke, 74 år, budde hos farmaren Paul Nordhus, 70 år. Han er enkemann. Han hadde immigrert i 1882. Her bur også brørne hans, John og Abel Nordhus. Ragnhild er svigerinne til desse brørne. Yrkestittel er tenar (servant). Ho hadde immigrert i 1904.
US City Directories Ragnhild Nordhus (enke etter Nels) bur hos sonen Nels Nordhus i Duluth, 2611 W 4th.
Minnesota Death Index (A.c): Vels Nordhus, d. 7. Mai 1917 i Carlton County. Vels er sannsynlegvis feil transkribert. Det skal vere Nils.
Minnesota Death Index (A.c): Ragneild Martha Nordhus d. 21. nov. 1945 i Saint Louis County.
Nils Martinus Larss. Sætre (2.1.1900-25.10.1978), var i Amerika ei tid.
EÅ DigArk: 19. januar 1924 reiste Nils Martinus Larsen Sætre, f. 1900 i Volda, gardbrukar, ugift til Canada. Billett: Nei. (EÅ DigArk). Medreisande: Ole Elias Laurits Jakobsen Tilset, Jakob Torvald Lauritsen Drabløs og Rasmus Pettersen Løvig.
USA Declaration of Intention, sept. 1927: Nils Martinus Larsen Sætre, 27 år, ugift, arbeidar, f. 2.1.1900 I Volda. Han kom til USA frå Vancouver B.C, Canada med ”Princess Victoria”, framme i Seattle 1. feb. 1927. Ny adresse i USA: Tacoma, Wash.
Antonsgarden, Sætre
Bjørn Sverre Sætre f. 21.3.1935 (BSVD s. 218 og 224). Han budde i Montana, USA ei tid. Han var med i ei religiøs rørsle som heite Summit Lighthouse. Han flytte tilbake til Sætre. Bygde seg hus på Bergane. Gift 1996 med Nada-Marija Krajnovic, skilde. Dei flytte fyrst til Spania, seinare Sverige. Bjørn flytte heim til Sætre.
Nyheim – Ned-onde-Haua, Sætre
Sivert Olav (Severt) Sather (4.11.1907-27.4.1990), reiste til Amerika 1925, gift med Edna Lucille Lasch, busett Elkhorn, Wisconsin. Severt var båtførar, seinare fabrikkarbeidar(BSVD s. 222).
SKDiVDigArk: Sivert Olai Rasmussen Sætre, f. 1907. Utflytt 22.6.1924 til Duluth, USA.
21. januar 1925 drog Sivert Olav Rasmussen Sætre, ugift, fiskar, til USA. Medreisande frå Volda var Jan Sigurd Gregoriussen Rotevatn (Emigranter over Ålesund, DigArk).
Sivert Sætre, ugift, fiskar, 17 år, frå Volda, drog frå Bergen med ”Stavangerfjord”, frå Bergen 24. jan. 1925 framme i New York 3. februar, 1925. Reisemål var Duluth i Minnesota New York Passanger List, A.c)
Severt Sather (f. 4. Nov. 1907) budde i 426 W Walworth St, Elkhorn, WI (US Public record Index vol II, A.c.). Sannsynlegvis budde han her då han døde.
Pålgarden, Sætreåsen
Søren Elias (9.4.1870-1948), var i Amerika i over 50 år (BSVD s. 235).
2. juni 1892 drog Søren Sætreaas, 21 år, ugift, gbr, frå Volda, med Allan Line. Reisemål Minnesota. Billett: Her. Medreisande: Peder P. Ulvestad, John Drabløs [Myhre?], Søren Sætreås, Sivert E. Koppen, Gustav Johnsen Nakken, Johannes Rasmussen Fedten. Pluss 2 andre frå Volden: Nils Hovde 33 år, og Gabriel T. Sannæs 21 år samt Hans Barstad som har heimstad Amerika. (EÅ, DigArk).
US Passport Application, 1924: Soren Anderson, f. 9. april 1870 (Far: Anders Satreas): Her står det at han drog frå Bergen omkring april 1892 og at han vore i USA i 32 år uavbrote fram til 1924. Han har opphalde seg i Minnesota og Oregon og han har vore statsborgar i USA frå nov. 1897. Fekk statsborgarskap medan han var i Clay, Minnesota. Adressa hans i 1924 var Portland, Oregon der han var snikkar. Intensjonen hans var å ta ein tur for å besøke mor si, men han har tenkt å reise tilbake til USA innan 2 år. Dokumentet er underteikna 20. mars 1924. Destinguished marks: 1st finger right hand bent. Vitne: Mina P. Anderson, 1950 Hodge St.. Ho har kjent Soren i to år og er ”Housewife”.
Folketeljinga i USA 1920: Soren Anderson, 49 år, hussnikkar frå Norge er innlosjert saman med ei rekkje andre skandinavar, i Portland, Multnomah, Oregon. Han hadde immigrert i 1892 og fekk statsborgarskap i 1897 .
EBDigArk: 10.10.1924 reiste Søren Andersson Sæteraas f. 1870, 54 år, snikkar, fødd i Volda, bustad Oregon, skal til Portland, Oregon, returpassasjer, reisepass US statsborgar, med canadian Pacific.
Folketeljinga i USA 1930: Soren E. Anderson, 59 år, singel, bygningsnikkar, innlosjert hos familien til Ola Ostensoe i Portland, Multnomah, Oregon.
Søren døde i Bergen i 1948 (DS s. 230)
Elling Laurits (3.10.1876-1952), gift med Larsine Rasmine Rasmusd. Frå Frammigarden Vasstein (30.6-1880-?), reiste til Amerika (BSVD s. 235).
Folketeljing i Norge, Herøy 1900: Her finn me Elling A. Sæteraas f. 1875 i Volda, ugift, gardbrukar og fiskar. Under busett står det: mt. Tyder på at det er midlertidig. Han bur hos familien til Laurits Gerhardsen, Nerland, bruk 1. Elling har sikkert leigt seg eit rom under fisketida.
19. mai 1903 reiste Elling Sæteraas, 26 år, ugift, arbeidar, med Allan Line til Dakota. Billett: Her. (EÅ DigArk)
Folketeljing i Minnesota 1905: Elling Satreaas, 30 år, frå Norge budde i, 4th Street North, Moorhead Ward 1, Clay, Minnesota.
Folketeljing i USA 1910: Elling Satreaas, 33 år, singel, snikkar budde i La Moure Ward 3, La Moure North Dakota. Han hadde immigrert i 1893. Han var snikkar og hadde ikkje vore utan arbeid det siste året.
10. februar 1912 reiste Larsine Vadseth f. 1880, ugift, tenestejente, frå Volda, med Hvite Stjerne Linje, til N. Dakota USA. Årsak: Reiser for at gifte seg (EÅ DigArk).
Folketeljing i North Dakota 1915: Elling Sateraas og kona Larsine Sateraas samt borna Anna H. Sateraas og Hulda G. Sateraas budde i Gladstone, La Moure, North Dakota. Borna var fødde her.
WWI Registration Card: Elling Sæterås bur i, (R2?)La Moure, registrert 12. sept. 1918. På dette tidspunktet er han farmar og er sin eigen arbeidsgjevar. Næraste pårørande er Larsine Sateraas.
Folketeljing i North Dakota 1925: Elling Satteraas 48 år, Larsina Statteraas 44 år, samt borna: Anna 11 år, Hulda 9 år, Rubie 8 år, Margritt 7 år, Oater[Arthur?] 5 år, Herdis 4 år. Familien bur i Gladstone, La Moure, North Dakota.
Folketeljing i USA 1930: Enning Satreaas 53 år og kona Sersine 49 år, budde i Gladstone, La Moure, North Dakota. Han var 34 år når dei gifte seg. Ho var 32. Ergo må dei ha gifta seg kring 1912. Han hadde immigrert i 1903. Ho i 1912. Dei hadde borna: Anna 16 år, Hulda 15 år, Ruby 13 år, Margit 12 år, Arthur 10 år, Hardis 8 år. Alle borna var fødde i North Dakota. Setreaas driv ein sjølveigd farm. Det er fleire norske farmarar i området. Spørsmålet er: Har Elling skifta namn til Enning og Larsine til Sersine? eller er namna feil nedskrive?
Anders Johannes Sæterås Paulsen (26.12.1901-?), flytte til Nygardsvegen 2, Heltnane (BSVD s. 235). Anders var mange år i Amerika, var gift og hadde familie der d. 24.2.1994. Han flytte til Volda og budde i Nygardsvegen 2 1975-1994(BSV4b).
SKDiVDigArk: Anders Johannes Paulsen Sætre f. 1901. Utflytt 2.3.1926 til Nord Dakota USA.
8. april 1926 reiste Anders Johannes Paulsen Sæteraas, f 1901 Volda, jordbruksarbeidar til USA. Billett: Nei (EÅ DigArk).
EBDigArk: 7. mai 1926 reiste Anders Johannes Sæteraas, f. 1901, ugift, gardsarbeidar frå S’teraas, Dalsfjord, Søndmør, til La Moure No. Dak. Med United States Lines. For å søke arbeid. Skattekort forevist. Nytt yrke: Farmarb. Reisepass Aalesund pkm. Fri for Vpl. Billett: Nei.
New York Passanger List (A.c): Anders Satreas, 24 år, farmar frå Dalsfjord (far: Paul Satreas) reiste frå Bremen 12. mai 1926, med kurs mot New York, framme 23. mai 1926: Han skal til La Moure i North Dakota. Medreisande var Johannes Sætre, sjå under Knutegarden.
USA, Declaration of Intention: Anders Paulsen Sateraas, 27 år, f. i Dalsfjord, Volda, ugift, brunt hår og brune auge. Høgd: 5 fot og 10 tomar. Vekt 175 Pounds. Adressse: 547 Hoyt Street, Portland Oregon. Underteikna 18. April 1929.
US Naturalization Original Documents 1795-1972, Petition for Citizenship,(A.c.),: Anders Paulsen Sateraas, ugift, sjømann, f. 26. Des, Volda. Adresse: 517 Yesler Way, Seattle, Wn.. Han har tidlegare erklært sitt ynskje om statborgarskap 18. april, 1929 i Portland, Oregon. Vitner: Hans A. Sohol, cannery mechanic og Viola Goodman, Roominghous keeper. Dei har kjent søkaren sidan 13. April 1931. Anders søker også om å få namnet endra til Andrew Paulsen. Underteikna 14. april 1936.
Gravlagt i Volda d. 24.2.1994
Grøtholen
Lars Kornelius Britanus (23.9.1881-18.6.1914), var nokre år i Amerika (BSVD s. 237).
Folketeljinga i Norge 1900: Lars Larsen Grøthol, f. 1881 i Volda budde på Bodøgaard, Bodø Landbrugsskole. Yrke: Kreaturstel. Her var også Torbjørn Sæteraas f. 1857, fjøsmester og kona Anne Helene Sæteraas, f. 1865, husgjerning og kreaturstel. Også Martha Løndal f. 1872, yrke: husgjerning. Desse budde i Barstubygningen.
EÅ DigArk: 15. feb. 1906 reiste Lars Larsen Grøthol, f. 1881, ugift, tømmermann, til Minnesota med Cunard Line. Merknad: Fripas. Billett: Nei.
Sivertgarden, Kvanngardsneset
Ragnvald (28.1.1900-23.2.1984) gift med Magnhild Kristensd. Tonning frå Stryn (25.3.1906-8.1 1995, reiste til Amerika, busett Everett (BSVD s. 242)
12. mai 1923 reiste Ragnvald Sivertsen Kvangarsnes, f. 1900, ugift, fiskar frå Volda, til Canada. Medreisande frå Volda: Elias Paulsen Ulvestad (EÅ DigArk)
Border crossings from Canada to US, A.c: Ragnvald S. Kvangarsnes, ugift sjømann, 23 år og 3 mnd., drog frå Southampton 1. juni 1923 med SS ”Ausonia”, framme i Quebec 9. juni 1923. Reisemål: Tacoma, Washington. Medreisande: Elias P. Ulvestad.
USA Petition for naturalization, A.c: Ragnvald Sivertson Kvangarsnes, f. 28.1.1900, snikkar, busett i 1416 South Pine Street, Tacoma, Washington. Han kryssa grensa til USA i Sumas, Washington (Blaine) 15. juni 1923. Frå Quebec med Can. Pac. and G. N. Ry (?). Han er gift og kona sitt namn er Magnhild f. 23. mars, 1906 i Stryn. Ho bur no saman med Ragnvald i Tacoma. Dei har fått dottera Myrtle Ruby f. 24. mai 1927 i Tacoma. Ragnvald har vore samanhengande i USA sidan han kom hit. Han vil skifte namn til Roy Kvangnes. Underteikna 5. juni 1929. Vitner: S. P. Ulvestad, laborer, 3572 E Spokane St, Tacoma, Wn., og John M. Arntson, lawyer 2101 So. K. St, Tacoma, Wash.
Folketeljinga i USA 1930: Roy Kvangar, 30 år, snikkar og kona Magnhild Kvangar 24 år og dottera Myrtle R. Kvangar var busett i Mc Albugal(?) Avenue, Everet, Snohomish, Washington. Dei leiger husværet. Her budde også Roy sine svogerar Lars Tonning, 21 år, utv. 1924, fiskar og Klemet Tonning, 31 år, utv. 1923, ”cannery man”. Roy har fått statsborgarskap.
Social Security Death Index: Roy Kvangnes f. 28. Jan 1900, d. feb. 1984. Siste adresse var 98201 Everett, Snohomish, Washington.
Roy Kvangnes d. 23. feb 1984, 84 år, i Everett (Washington Death Index, A.c.).
Myrtle R. Kvangnes, f. ca 1927, d. 31. des. 1986, 59 år, d. i Everett (Wash. Death Index, A.c.)
US Public Record Index (A.c.): R. [Richard] K. Kvangnes f. 1953, busett I Marysville.
US Phone and Adress Directories, A.c.: Mrs Roy Kvangnes, busett i Maryville i 1995.
Jenny (26.4.1903-3.4.1994), gift med Ole Hetland frå Hjelmeland (5.8.1886-4.11.1951), reiste til Amerika, busett Chilliwack, BC, Canada.
Jenny Hetland, 27 år og mannen Ole Hetland, 43 år, farmar, reiste frå Oslo 13. Juni 1930, med Stavangerfjord, framme i Halifax 22. juni 1930. Dei skal til ein ven av Ole, Alfred C. Knudsen i Coronach, Sask. Ole har vore i Canada tidlegare frå 1911-1928, Coronach, Saskat..Han har pass utskrive i Ottawa 22. nov, 1923.
Nedskrive av Per Ole Reite